Gå til sidens hovedinnhold

Solberg opnar Norge meir enn planlagt

Statsminister Erna Solberg seier regjeringa har vedteke å opne opp litt meir enn det som er varsla i trinn tre, frå og med 20. juni.

– Smittetala går ned, talet på sjukehusinnleggingar fell, og rundt halvparten av befolkninga over 18 år har fått minst éin vaksinedose. Norge er i rute, og vi er klare for å gå til trinn tre i gjenopninga, seier statsminister Erna Solberg (H).

No blir det mogleg med fleire på besøk heime, fleire menneske på arrangement og mindre behov for heimekontor, skriv regjeringa.

Frå søndag 20. juni klokka 12 kan skjenkjekranene igjen vere opne til etter klokka 24, men ein kan framleis ikkje sleppe inn nye gjester etter midnatt. Det blir opna for fleire deltakarar på private og offentlege arrangement.

– Vi er i rute. Det er på tide å få fart på Norge, seier Solberg.

Les også

Etter to år er revyen tilbake

Opnar for større arrangement

På private arrangement i anten leigd lokale eller på offentleg stad kan opptil 100 personar samle seg frå og med søndag klokka 12, melder regjeringa.

For offentlege arrangement blir det forskjell på arrangement med eller utan test eller koronasertifikat.

På arrangement utan bruk av test eller koronasertifikat innandørs blir det opna for inntil 1.000 personar med faste, tilviste plassar. Utan faste plassar er taket på 400 personar. Utandørs er taka på høvesvis 2.000 personar fordelte på fire kohortar, og 800 personar fordelte på fire kohortar.

Arrangement som bruker test eller koronasertifikat, kan ta imot 50 prosent av kapasiteten til arrangementsstaden. Innandørs kan det vere maksimalt 2.500 personar fordelte på fem kohortar med faste plassar, eller 1.000 personar fordelte på to kohortar utan faste plassar. På utandørsarrangement kan det vere opptil 5.000 personar fordelte på ti kohortar med faste plassar, eller 2.000 personar fordelte på fire kohortar utan faste plassar.

Les også

Auka kundemasse har bydd på eit luksusproblem for frisørsalongen

Søknad om kjærastbesøk

Regjeringa har òg vedteke å lette på enkelte av dei strenge innreiserestriksjonane som har vore til Norge.

No kan familie og kjærastar som bur i EU/EØS og Storbritannia, sleppe inn i Norge. Kjærastar må ha vore saman i minst ni månader og ha møttest fysisk tidlegare, og i tillegg må dei sende inn søknad til UDI.

– Vi diskriminerer nettdating litt her, men det må vi tole, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

EU/EØS og Storbritannia

Norge opnar òg for innreise med EU-koronasertifikat frå 24. juni og går over til EUs fargekodar. Kjem du frå raudt land må du i innreisekarantene på eigna stad, kjem du frå mørkeraudt land må du på karantenehotell. Det globale reiserådet blir oppheva for EU/EØS, Schengen og Storbritannia den 5. juli.

Statsminister Erna Solberg seier lettane vil innebere meir reising og følgjeleg òg meir uvisse.

– Når vi no opnar opp, er det viktig å ha med seg eit bakteppe. For sjølv om mange land no har mindre smitte, er det framleis ein uføreseieleg smittesituasjon mange stader i verda. Og det er stor uvisse knytt til mutasjonane, seier statsministeren.

Lettar på tilrådingar

Regjeringa aukar makstaket på gjester i eigen heim til 20 og seier beskytta, altså dei som har fått minst dose éin av vaksinen og det har gått tre veker, ikkje tel med.

Dei held oppe tilrådinga om einmetersregel, men opnar for at beskytta kan ha nær sosial kontakt med andre beskytta og ubeskytta.

Det blir òg opna for meir fysisk undervisning i høgare utdanning og rådet om at alle som kan bør ha heimekontor, blir erstatta med råd om delvis heimekontor og/eller fleksibel arbeidstid.

Breiddeidretten får unntak frå tilrådinga om ein meters avstand både ute og inne dersom det er nødvendig for å utføre aktiviteten.

Les også

Kilstraumen Brygge fann tilfeldigvis ein ny fot å stå på

Les også

Denne teknikken gjer at kommunen får vaksinert endå fleire

Les også

Pandemien var eit slag i magen for ekteparet. No håpar dei på lysare tider

Kommentarer til denne saken