Solberg legg inn atterhald om at ein må sjå an smittesituasjonen.

– Vi må jo sjå an smittesituasjonen når vi nærmar oss jul om vi vil tilrå det. Men eg vil jo seie at det har ein høg verdi, seier statsministeren om å dra heim til jul og møte familien.

Dersom ein vil bruke tid med familie, er det kanskje ikkje tida for å møte alle gamle klassekameratar eller heile storfamilien når du først er på besøk, meiner statsministeren.

– Ikkje rom for store selskap og festar

Statsministeren seier det ikkje er rom for store juleselskap i år, og at julefeiringa vil bli annleis.

– Det vil derfor uansett ikkje vere rom for å planlegge dei store juleselskapa eller nyttårsfestane i år. Feiringa kjem til å bli annleis, sa Solberg.

Neste veke vil det komme konkrete råd fra regjeringa om julefeiringa.

– Med auka reiseaktivitet aukar også sjansen for at smitte blir spreidd, åtvara Solberg.

Tiltak i minst tre veker til

Regjeringa vil halde oppe smitteverntiltaka som er innførte, i minst tre veker framover. Statsminister Erna Solberg seier det er for tidleg å senke skuldrene.

– Det er for tidleg å seie om nedgangen i tala er tilstrekkeleg. Vi må sjå ein klar nedgang i tala i minst tre veker til, sa Solberg under pressekonferansen på onsdag.

– Vi har framleis for høg smitte og eit høgt nivå på smitten samanlikna med for nokre veker sidan, sa statsministeren.

(©NPK)