Dekk på brøytebil begynte å brenne

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Natt til onsdag fekk 110-sentralen i Hordaland melding om brann i eit dekk på ein lastebil ved Sløvåg kai.

Brannen var sløkt då brannvesenet kom fram, men det var framleis litt røyk. Det blei gjennomført ettersløkking, skriv 110-sentralen på Twitter.

– Det var ein brøytebil som fekk fyr i eit dekk. Ingen skal vere skadd, seier politioverbetjent Svein Arne Hatlevik ved Nordhordland lensmannskontor til avisa Nordhordland.

Årsaken til brannen er førebels ukjend.

Onsdag morgon i 07.00-tida hadde politiet ein promille og dokumentkontroll i Gymnasbakken i Knarvik. Det var ingen som vart stoppa med promille, men ein person vart stoppa og meldt for køyring utan gyldig førarkort og ein vart tatt for å mangla gyldig dokument på hengaren.

Tysdag kveld vart det meldt om ein hjortepåkøyrsel ved Fosnstraumbrua

Artikkeltags