Neste veke er det duka for den populære festivalen Festspillene i Bergen, der fleire artistar og musikarar skal framføre for publikum. Blant dei er 14 år gamle Sander Petersen Syslak frå Lindås.

Han skal delta i De unges festspillforestilling, som er eit årleg innslag i festivalprogrammet.

4. juni står han klar på scena i Grieghallen for å spele ein etyde av den finske komponisten Einojuhani Rautavaara.

– Det er ganske gøy. Eg har ikkje vore med på noko så stort før, seier Petersen Syslak til avisa.

Starta tidleg

Saman med pianolæraren sin på Alver kulturskule, fann Petersen Syslak ut at han skulle sende inn sitt bidrag til festivalopptaket.

9.-klassingen er ein av to pianistar som har blitt valde ut til å framføre.

Interessa for piano kom då han byrja på Alver kulturskule i 4. klasse, men han fortel at han allereie i 2. klasse byrja den musikalske reisa si med korsynging.

Framover blir det fullt køyr med øvingar og generalprøver. Petersen Syslak innrømmer at han er smånervøs for den store dagen.

– Men er gler meg, seier han.