Hytta i Austrheim vart montert i slutten av september, og opna opp for besøkande i oktober. Etter lang tid med venting, kan austrheimingane endeleg snart feire at dei har fått si eiga dagsturhytte.

– Det blir offisiell opning søndag 30. mai klokka 17, stadfestar ordførar Per Lerøy.

Til stades skal blant andre Tiriltunge barnekor og utvalsleiar Stian Davies i Vestland fylkeskommune vere.

Mange tek turen

I følge Lerøy har Vardetangen alltid vore eit populært turmål, også før dagsturhytta kom. Men no er det kanskje meir populært enn nokon gong.

– Vi har nesten 30 000 besøkande på Vardetangen kvart år. Turstien er blitt utruleg populær, og det er lett tilgjengeleg for alle heile året. Det er også grunnen til at vi plasserte dagsturhytta der.

– Vardetangen har slått an så det syng etter, seier han.

Han vektlegg viktigheita av at dagsturhytta er universell, slik at alt frå rullestolbrukarar til dei med barnevogn skal kunne bruke ho.

Blant dei ivrige turgåarane trekker han også fram stolpejegarar og spreke pensjonistar.

– Eg vart møtt av ei dame der for eit par år sida, ho hadde nok passert 70 år, og ho sa at «Per, no kan du berre seie opp fastlegen din, for dette her er heilt fantastisk for folkehelsa», fortel ordføraren.

Han meiner at å legge dagsturhytta til eit allereie etablert turområde har vore eit smart trekk.

– Det har verkeleg vore ei suksesshistorie frå ende til annan.

Les også

Randi (90) elskar å gå på tur: – Eg kan ikkje sitje inne og kokkelure

Flott båttur

Lerøy rosar eldsjeler i Fonnes bygdelag for å halde vedlike stien til dagsturhytta. Snart byrjar oppgraderinga av stien frå Årvika.

– Den blir veldig godt brukt året rundt, og nesten heile døgnet gjennom.

Nyleg laga reiseselskapet Norled informasjonskort for dagsturhytter som er lette å nå frå næraste hurtigbåtstopp, inkludert Vardetangen.

Hurtigbåten har gått til kaien i mange år, men Lerøy trur at det nye fokuset med dagsturhytta kan bidra til at fleire passasjerar vil gå av på stoppet Vardetangen for å utforske turtilbodet.

– Ein kan ta båten frå byen og gå tur i løypa, og gjerne kombinere det med ein middag på Kilstraumen, seier han, og held fram:

– På ettermiddagen kan ein ta båten tilbake att. Det er ein flott båttur i den indre farleia.