Endringane dreier seg om rolla barnehagane og skulane har i utbrot og smittesporing, oppfølging av sårbare barn og unge, råd om leirskule og tydeleggjering av råd som til dømes om bruk av munnbind.
I den oppdaterte rettleiaren kjem det tydeleg fram at barnehage- og skuleeigar skal sørgje for eit tilbod på dagtid til barn og unge med særlege behov eller som lever under vanskelege familieforhold.
– Det er òg viktig å vere merksam på barn og unge som i ein normal situasjon ikkje ville vore utsette. Skulane og barnehagane har ansvar for å kartleggje og vurdere kven som har behov for eit tilbod. Foreldre og elevar skal ikkje trenge å be om eit slikt tilbod, understrekar Guri Melby i ei pressemelding.
Kommentarer til denne saken