Gå til sidens hovedinnhold

Smitteutbrot i Masfjorden – kommuneoverlegen ber folk vere merksame

Fleire personar har fått påvist koronavirus i Masfjorden kommune dei siste dagane.

Fredag 9. juli fekk kommuneoverlege Rolf Martin Tande melding om at ein innbyggjar hadde fått påvist smitte. Laurdag kom ei ny melding om at ytterlegare tre personar var smitta.

Måndag kan Tande bekrefte til Avisa Nordhordland at dei har registrert totalt fem smitta i kommunen, og at 35 personar er sette i karantene. Dei fem smitta er i isolasjon.

– Dei smitta har i hovudsak tilknyting til Indrefjorden i vår kommune, med forgreiningar til kommunane Gulen og Bergen, seier kommuneoverlegen til avisa.

Alle dei smitta skal vere unge vaksne.

Kan vere deltavarianten

Han fortel at dei er overraska over talet på etterfølgande positive prøvesvar etter at det første smittetilfellet vart registrert.

– Symptoma var veldig sparsame. Smittsemda av viruset som er ute og går no er stor, seier han.

Det er enno ikkje bekrefta om smittetilfella i Masfjorden er av deltavarianten.

– Vi har ikkje fått analyse på det enno, men Bergen kommune, som vi har forgreiningar til, meiner at det kan vere deltavarianten.

– God testkapasitet

Kommuneoverlegen ber folk vere merksame på symptom, og at ein testar seg så fort ein merkar teikn på luftvegssymptom.

– Fryktar de eit større utbrot av koronaviruset?

– Eg håpar at tiltaka vi har gjennomført har vore med på å avgrense eller førebygge det, seier Tande.

Han seier at det på fredag og laurdag har vore tatt ein del prøver, og at kommunen framleis har god kapasitet til å teste fleire.

Når det kjem til vaksineringa, seier kommuneoverlegen at det er stor stå på-vilje blant innbyggjarane.

– Vi er i ein minuskommune på tildeling av vaksinar, og det ber preg av det. Det står ikkje på vilja til befolkninga, men vi skulle gjerne fått fleire vaksinar sånn at vi hadde klart å gjennomføre fullvaksinering av befolkninga på få veker.

Kommentarer til denne saken