Gå til sidens hovedinnhold

Smitte ved fleire skular i Alver

I løpet av helga er det registrert åtte nye smittetilfelle i Alver kommune. Halvparten av dei er knytt til skular, og fleire titals elevar er no i karantene.

Fredag og laurdag vart det registrert eitt tilfelle kvar dag. Desse personane var ikkje i karantene då dei vart testa.

Søndag vart seks nye registrert med smitte. Berre to av desse var i karantene frå før.

I ei pressemelding opplyser kommunen at eitt av smittetilfella er knytt til Lindås ungdomsskule, der 45 elevar no er sett i karantene.

Tre av tilfella er knytt til Knarvik vidaregåande skule. Det er ikkje opplyst kor mange elevar som må halde seg heime, men ifølge pressemeldinga er det fleire klassar som er sett i karantene.

Karantenen varer i utgangspunktet i ti dagar, men ein kan teste seg ut etter sju døgn.

Kommentarer til denne saken