Wergeland-Halsvik brenn Sløvåg-avfall

Artikkelen er over 8 år gammel

Lars Hellandsjø har sagt opp stillinga si.

DEL

Dei siste 56 tonna med farleg avfall etter Vest Tank ulukka vart brent i anlegget til Wergeland Halsvik. Dagleg leiar, Lars Hellandsjø, har sagt opp stillinga si på dagen.

Det er NRK som melder dette. Klima og Forurensingsdirektoratet opplyser overfor statskanalen at dei ikkje er informert om dette.

Det er berre nokre veker sidan Alexela Sløvåg sende ut gladmeldinga om at dei resterande 5500 tonna med avfall frå eksplosjonsulukka endeleg var fjerna frå Sløvåg.

Avfallet vart frakta vekk frå Gulen på tankbåten ”Ruth Theresa”, med retning mot Tyskland der det skulle destruerast.

Men i følgje NRK fekk ikkje alt avfallet vera med på reisa til Tyskland.

Avfall i to omgangar

- Illeluktande, seig masse og spylevatn hamna hjå nabobedrifta Wergeland-Halsvik. Tilsette ved Wergeland-Halsvik vart sjuke då bedrifta tok imot avfallet for eit par veker sidan, og fleire er no sjukemelde, skriv NRK Hordaland på sine nettsider.

I følgje kanalen vart avfallet levert til forbrenning i to omgangar.

Første levering bestod av frosne blokkar av illeluktande, seig, tjukk masse. Den neste leveringa skal ha bestått av spylevatn frå reingjering av tankane hjå Alexela Sløvåg.

Både administrerande direktør i Alexela Sløvåg, Håkon Ivarson og eigar av Wergeland-Halsvik, Hans Wergeland, stadfestar at avfallet no skal forbrennast i Sløvåg.

- Storm i vassglas

Håkon Ivarson hevdar overfor NRK at dette er storm i et vassglas.

- Dette var Wergeland-Halsvik sitt eige avfall. Avfallet har stått lagra på tank 2 hjå oss, og no har dei altså fått dette avfallet i retur, seier han.

NRK på si side har tilgang til eit brev frå Wergeland-Halsvik til Klima og Forurensingsdirektoratet som stammar frå våren 2008, der bedrifta skriv at deira avfall er blanda med anna avfall hjå Alexela.

”Gjenstående mengde var, når vi ble stoppet, på ca. 1200 m3. I ettertid har Alexela Sløvåg blandet inn annet avfall på denne tanken, heiter det i brevet.

Også Alexela stadfestar i brev til Klima og Forurensingsdirektoratet at avfallet på tank 2 har vorte blanda med anna avfall. Her vert det mellom anna beskrive korleis avfallet skal pumpast frå tank til tank.

Hellandsjø har sagt opp

I følgje NRK har avgjerda om å ta imot avfallet frå Alexela Sløvåg vorte tatt av eigar av Wergeland-Halsvik, Hans Wergeland. Statskanalen hevdar også å vita at dagleg leiar, Lars Hellandsjø, ikkje var informert om dette.

Overfor Nh stadfestar Hellandsjø at han har sagt opp si stilling som dagleg leiar ved Wergeland-Halsvik, men bakgrunnen for dette ønskjer han ikkje kommentera ytterlegare.

- Eg kan stadfesta at eg har sagt opp stillinga mi, men eg vil ikkje kommentera kvifor. Det eg kan seia er at eg har lyst til å prøva noko anna. Eg har fleire ting eg tenkjer på, men eg har ikkje tatt nokon avgjerd enno, seier Hellandsjø til Nh.

Han poengterar i same slengen at det er hans personlege meining at NRK overdriv voldsamt, og at ting vert mykje verre straks det dreiar seg om Sløvåg.

- Det er ikkje heilt relevant journalistikk alt dei driv med, seier Hellandsjø til Nh.

Artikkeltags