Knarvik har for n-te gang fått ein ny plan. Den nye heiter «Områdeplan for Knarvik» og har som målsetjing å skapa «Knarvikbyen». Dette er om lag den same planen som vart godkjent av kommunestyret i 2015, men skal no vera utforma slik at den forenklar forhandlingsavtalane om utbyggingsavtalar og gjennomføring av rekkefølgjekrava m.v.

Eg kom til Lindås i 1969 som kommuneingeniør og seinare som teknisk sjef.

I 1998 hasta det med å få på plass ein kommuneplan for heile kommunen og ein kommunedelplan for Knarvik-Alversund området. Eg fekk spørsmål om å få desse to planane på plass og i løpet av 3 år hadde kommunestyret gjort vedtak på begge planane.

Her er mi historie om Knarvik i korte trekk.

Utbygginga i Knarvik

I samband med dei nye planane og ønskjer om å få veta kva som har skjedd med Knarvik opp gjennom åra kunne det kanskje vera greitt å mimra tilbake i tid for dei som er kome noko opp i åra og for ungdomen som skal vera med på den vidare utviklinga av «Knarvikbyen».

I år 2015 fylte Knarvik 50 år, dersom ein tek utgangspunkt i Stortinget sitt vedtak i 1965 om Knarvik som, eit av fleire, prøvesenter i landet.

Namnet Knarvik skriv seg frå gamalnorsk ”knorr” som var eit større handelsskip. Truleg har Knarvikji i vikingtida vore landingsplass for Knarrar, og at båtane kan ha vore dregne opp der.

Det er funn under Hagelsundbrua som tyder på at det har vore busetnad der for om lag 6000 år f. kr.

Då eg kom hadde Lindås starta eit Lindås tomtelag som, saman med distriktkontoret til Norsk boligbyggelags ladsforbund (NBBL) i Bergen, skulle stå for kjøp av bustad - og næringsareal, utarbeida reguleringsplanar/ tekniske planar, få utbygd byggeområde med veg, vaten og kloakk og sal av tomter.

Dei vart eit viktig reiskap for kommunen i utvikling av Knarvik og mange andre stader i kommunen.

Kan her nemna at råtomtprisen i Knarvik på 70-talet var 6 kroner pr. m2 og utbyggingskostnaden for ein tomt 11 kroner pr. m2. Tomtelaget solgte altså sine tomter den gang for Kr. 17,00 pr. m2,

Den første større utbygginga i Knarvik starta i 1968 med byggefelt B som ligg mellom ferjekaien og E 39, men det starta alt i 1898 med bygging av ”gamleskulen” for grendene Gjervik til Nepstad, Åse og Isdal. Skulen vart plassert utmarka under Indregardsfjellet slik at det skulle bli om lag like lang veg å gå frå alle grendene og det vart opparbeid gangstigar fram til skulen. Desse vert i dag mykje brukt som turstiar.

Så kom Mongstad

Fram til 1956 var det lite som skjedde i Knarvik område. Det låg der som utmark og beiteland for gardane i Gjervik og Isdal, men det året kom veg frå Isdal til Knarvik og ny ferjekai i Knarvikje. Så kom ny barneskule i 1961, BNR-bygget i 1964 og den første butikken i 1965.

I 1964 kom den store kommunesamanslåinga og det vart gjort vedtak om Knarvik som den nye kommunen sin administrasjonsstad og ein fekk i tillegg status som prøvesenter.

I 1965 fekk Knarvik sin første reguleringsplan som omfatta alt areal mellom sjøen og Lonsvegen.

Den første butikken, Nordhordland Yrkesskule, Lindås Gymnas, vassverket frå Langevatn på Åse og bustadfelt B mellom vegen til fergekaien og Gjervikvegen kom i perioden 1965 til 1968.

På 1960 talet kom det og veg inn til Gjervik som eit sysselsetjingsprosjekt. Denne vart langt seinare heitande E39.

No var grunnlaget lagt og ein kunne starta opp utviklinga av Knarvik som kommune og regionsenter.

Dette, saman med gode kommunikasjonar mot Bergen, oljeraffineriet på Mongstad og industriområdet på Mongstad sør og Mundalsfjelltunellen og E39 innover fjorden gjorde at Knarvik vart attraktiv for dei som ville busetja seg i kommunesenteret

No starta den store bustadutbygginga som varte fram til rundt 1990 med Såtafeltet som det siste større bustadområde.

Denne utbygginga kravde meir utbygging av infrastruktur. Barneskulen måtte utvidast i 1970, Knarvik sjukeheim kom i 1974 og ny utviding av barneskulen i 1974.

Nordhordlandsbrua

Av utbygging elles kan nemnast: Grusbana i 1976 og grasbana i 1981, så kom rådhuset og første utbygging av forretningssenteret, Hagelsundbrua, nytt hovudvassverk, ungdomsskule, industriområde på nedsida av E 39 som etter kvart utvikla seg til eit kontor- og forretnings- område, vidare utbygging av senteret. Denne utbygginga varte fram til 1989- 90.

Den store dagen kom i 1994 med opning av Nordhordlandsbrua og det vart slutt på ferjeturen over fjorden til Bergen.

No vart det ein lengre pause i bustadutbygginga. Det kom etter kvart nye etableringar av bygg for kontor – og forretning og senteret på nordsida av E 39 fekk glasoverbygg.

Kanskje det var klokt å få ein slik pause etter hektiske år med utbygging.

Det skulle altså gå om lag 15 år før ein fekk nytt bustadareal og dette kom på Juvikstølen med større areal for rekkehus og nokre einebustadtomter.

Pausen vart godt utnytta. Knarvik fekk idrettshall i 2002, to større barnehagar i 2008/2009, ei større utbygging av Knarvik vidaregåande skule (gymnaset) i 2009 og utviding av ungdomsskulen i 2010.

No skriv vi 2013 og ser konturane av at Knarvik-bygda utviklar seg oppover mot ”gamleskulen”. To større rekkjehusprosjekt med om lag 75 husvære er under oppføring langs Lonsvegen og 11 einebustadtomter er klargjort noko lenger oppe og den mykje omdiskuterte plasseringa av kyrkja i Knarvik vil endeleg koma på plass i 2014.

Folketalet i Knarvik barneskulekrins som omfatta Isdalstø og gardane på Isdal og Åse og Gjervik inn til Nepstad var i 1960 på vel 200 innbyggjarar. Den store utbygginga starta i 1968 og i 1970 var ein kome opp i omlag 500. No steig det jamt oppover med omlag 1500 i 1980, 2100 i 1990, 2400 i 2000 og 2650 i år 2010..

I 2013, er innbyggjartalet i krinsen kome opp i om lag 2680.

Slutning:

Det ligg mange gode tankar om framtidig utvikling i Knarvik i kommunedelplanen frå 2001. I planhefte, pkt. 3 «Skildring av planområdet» som utgjer omlag 13 sider, tek ein for seg: Historikk, geografi, landskap og natur, struktur og form, møte med staden, trafikksystemet, det private næringsliv, offentleg tenestetilbod og bustadbygging.

Frå pkt. 3.4 Struktur og form har eg henta:

«Det er spesielt viktig å ta vare på attverande grøn struktur og søkja å binda saman dei grøne områda med høgtveksande vegetasjon langs viktige veg- og gangvegaksar. Denne strukturen må førast vidare inn i nye byggegområde og det vert her viktig å verna kollar og høgdedrag mot utbygging slik at den naturlege siluett verknaden vert behalde.

Like viktig er det å få ei løysing som fjernar Gjervikvegen (E39) som ein barriere mellom sentrumsutbygginga på begge sider ved å nytta arealet til utbygging eller gjera vegen om til ei sentrumsgate.

Sentrumsareala vil etter kvart få ein høgare verdi og utbygginga bør få meir form av by struktur med høgare utnytting enn i dag. Dette kan gjerast ved å nytta ut heile tomtearealet fram til vegkantar/ fortau og å bygga saman bygg og auka etasjetalet til 3-4 etasjar.»

Ut ifrå det eg har fått med meg vil mange av desse tankane verta ført vidare i dei nye planane i Knarvik. Dette er positivt og eg håpar det vert gjort kloke val om Knarvik si framtid.