Gå til sidens hovedinnhold

Slik påverkar viruset kollektivtrafikken

Artikkelen er over 1 år gammel

Unngå offentleg transport om du kan, skriv Skyss.

Både Bergen kommune og Regjeringa har i dag iverksett strenge tiltak for å stoppe smittespreiinga av korona. Kollektivtilbodet skal oppretthaldast, særleg med tanke på å få fram folk som arbeider i kritiske samfunnsfunksjonar. Når barnehagar, utdanningsinstitusjonar og mange arbeidsplassar vert stengde, er det naturleg at reisetala vil gå ned slik at det blir mindre trengsel.

Skyss/Kringom arbeider med å sjå på korleis vi kan leggje kollektivtilbodet best mogleg til rette i den nye situasjonen med endra reisebehov. Det er ei generell utfordring er at tilgangen på personell kan påverke handlingsrommet vårt på kort varsel. Til vanleg har vi lang planleggingshorisont, og raske endringar er krevjande, både med tanke på å få ut god ruteinformasjon til kundane, og med tanke på vaktplanar og skift for operatørselskapa.

Regjeringa har gitt følgjande råd som gjeld kollektivtrafikken:

Unngå offentleg transport om du kan.

Unngå alle fritidsreiser

Dersom du likevel må reise, følg desse råda:

  • Reis utanom rushtida
  • Gå, sykle eller ha heimekontor
  • Ikkje gå om bord utan at du ser at det er plass
  • Benytt bakre inngang på bussar
  • Hald ein meter avstand, også til føraren
  • Unngå kontant betaling
  • Følg rettleiing frå personell

I tråd med vedtak i Bergen kommune og Vestland fylkeskommue skal reisande berre gå inn på buss og bybane dersom dei får sitjeplass, eller finn ståplass i ein avstand på 1 meter til neste ståande. Når det ikkje er plass til fleire reisande etter disse retningslinene, skal bussjåførane ikkje ta med fleire reisande, men kan køyre forbi haldeplassar. Det vil vere vektarar/personell for å rettleie på nokre utvalde haldeplassar og tidspunkt. Reisande må vere merksame på at bussar kan komme til å køyre forbi haldeplassar med ventande når sjåføren vurderer at bussen er full.

Skyss/Kringom er i dialog med operatørselskapa om korleis ein i praksis skal handheve dei nye krava. Dette kan vere krevjande å få til i alle tilfelle, og vi ber difor alle reisande å vere flinke til å halde avstand til kvarandre og vurdere kva tid det er nok passasjerar om bord.

Kommentarer til denne saken