Mattilsynet oppmodar difor alle hundeeigarar til å ta ekstra godt vare på hunden sin på nyttårsaftan.

- Nyttårsaftan er svært belastande for mange hundar fordi dei er redde for høge lydar. Ein skotredd hund må ikkje vere ålene på nyttårskvelden, og hunden må skjermast for lydinntrykka, seier seniorrådgjevar Sigrid Engeland i seksjon dyrevelferd i Mattilsynet.

Gode råd til hundeeigarar:

• Ikkje la hunden vere ålene heime dersom den er redd for høge lydar eller fyrverkeri. Det kan forsterke einsemd og frykt. Dersom du må reise vekk, bør du ta med hunden.

• Pass på at hunden (og katten) ikkje kjem seg ut og stikk av garde. Kvart år stikk redde dyr av, og utløyser leiteaksjonar.

• Ikkje ta med deg hunden ut for å sjå på rakettar.

• Dersom hunden ønsker å gøyme seg, kan det vere lurt å la den få lov til det.

• Ver saman med hunden, finn eit rom der det er minst mogleg lysblink og lydar. Det er viktig å finne eit rom der hunden føler seg trygg.

• Ta gjerne med hunden til ein stad der det ikkje er så mykje fyrverkeri, for eksempel på hyttetur, dersom du har moglegheit for det.

• Prøv å avleie merksemda. Lyd frå radioen kan fungere «normaliserande» for nokre hundar, medan andre blir stressa av dette. Rakettlydane overdøyver uansett radioen. Prøv deg fram.

• Ikkje forsterk hunden sin frykt ved å trøyste og vise bekymring. Lat som ingenting.

• Aktiviser hunden med innandørs leik, så får den noko anna å vere oppteken av.

• Gå ein lang tur på ettermiddagen, så er hunden sliten når kvelden kjem.

• Gi den gjerne mat litt seint, ein mett hund fell lettare til ro.

• Kontakt veterinær dersom hunden er verkeleg redd for fyrverkeriet. Det finst alternative løysingar som kan dempe angsten. Men ikkje driv «sjølvmedisinering» med legemiddel gitt til anna dyr eller i annan samanheng. Gi hunden for all del ikkje menneskemedisin! Det er berre veterinær som kan skrive ut medisin til dyr, og feil bruk av medikament kan forverre situasjonen.

• Dersom lydar og smell er eit stort problem, bør du søke råd hjå veterinær eller åtferdsterapeut. Det må gjerast i god tid før neste nyttårsaftan.

Råd for kvalpen

Det kan vere lurt å venne hunden til fyrverkeri frå den er kvalp. Nokon spelar jamleg av fyrverkeri-lyd frå cd eller lydfil. Andre legg turen forbi skytebana for å venne dyret til skarpe lydar.

- Ver mersam på at det ikkje berre er å utsette kvalpen for skot og smell. Treninga må vere planlagd, elles risikerer du å gjere kvalpen skotredd med treninga, seier Sigrid Engeland.

Høgtider kan stresse dyra

Mange kjæledyr opplever endra rutinar i julehøgtida, noko som kan vere stressande for dei. Hugs at både hundar og kattar har behov for ro og mange timars søvn kvar dag.

Hundar vil gjerne vere med familien sin. Men nokre hundar, særleg unge hundar, kan ha vanskeleg for å slappe av i ein hektisk atmosfære, for eksempel i familieselskap. Sørg for å skjerme dyra dersom dei blir stressa.

Ikkje gi dyra julemat

Både hundar og kattar kan ha glede av litt variasjon i kosten, men dei kan også få fordøyingsproblem dersom dei får mat dei ikkje er vane med. Om hunden eller katten er vane med éin eller nokre få typar mat til dagleg, er det ikkje lurt å plutseleg fôre dei på uvant mat. Ligg unna feit og salt mat, som kan gi mage- og tarmproblem; diare, oppkast og i verste fall forgifting.

- Dersom hunden ikkje er van med å ete bein, kan den få diaré av det, avsluttar seniorrådgjevar Sigrid Engeland i Mattilsynet.