I snart eitt år har bomringen samla inn pengar som skal utbetre vegane i distriktet. Medan nokre prosjekt er ferdige, er kostnadane for andre langt over budsjett eller sett på vent.

Under formannskapsmøtet i Alver førre veke, orienterte Andreas Kolås frå Vestland fylkeskommune, om status på alle dei ulike prosjekta i pakken.

Prosjekt 1: Marås – Soltveit

Dette er det største prosjektet i pakken. Per no er prosjektet i sluttfasen på anbodsprosessen. Tre entreprenørar har levert anbod, og målet er å signere i løpet av desember.

Prisramma er 371 millionar kroner i 2017-tal. Ifølge Kolås er det ikkje noko oppdaterte tal her.

Prosjektet skal stå ferdig våren 2024.

Prosjekt 2: Tunnel Knarvik – Isdal

Dette prosjektet står på vent. Årsaka er at ein er nøydd til å finne ut kva som skjer langs E39 og Eikefettunnelen før ein kan gå i gong med dette prosjektet.

Prosjekt 3: Fv. 564 Fosse – Moldekleiv, Fossekrysset

Prosjektet har vore på høyring. Det har kome fleire merknader som no blir jobba med å ta omsyn til. Vidare kan prosjektet bli godkjent i februar 2021.

Prosjektet har ei ramme på 105 millionar kroner, men prisanslag er gjort til 185 millionar kroner. Det er forsøkt å finne kutt, og prisen har blitt redusert til 137 millionar kroner.

Kolås fortel at ein kan halde fram med å presse prisen under detaljprosjekteringa.

Prosjekt 4a: Fløksand – Vikebø:

Dette prosjektet ligg bak skjema tidsmessig. Årsaka er at ein var nøydd til å lage ny vegtrasé grunna dårlege grunnforhold der vegen var planlagt. Den nye vegen blir no regulert bak fjellet. Det gjer at den vil krysse Rylandsvassdraget som er verna.

Kolås opplyser at dei har vore i kontakt med NVE og fylkesmannen i Vestland. Saman har dei komme til ei løysing som alle partar er nøgd med.

Prisramma på dette prosjektet er 119 millionar kroner, men heile vegen er anslått til å koste 215 millionar kroner.

Målet er at reguleringsplanen blir godkjent i løpet av hausten 2021.

Prosjekt 4b: Undergang på Holme

Dette prosjektet var ferdig i februar i år. Budsjettet var på 17,3 millionar kroner, men den endelege prisen hamna på 19,7 millionar kroner.

Prosjekt 5: Frekhaugkrysset

Reguleringsplanen blei godkjent i september. Prisramma er ordinært på 17,3 millionar kroner, men eit prisanslag på 40,4 millionar kroner viser at det blir meir enn dobbelt så dyrt.

Kolås opplyser at det har blitt gjort forslag til kutt som gjer at prisen kjem ned i 28 millionar kroner. Utfordringa her er grunnforholda.

Prosjekt 6: Oval rundkøyring i Knarvik

Det har blitt levert fleire anbod i dette prosjektet. Kolås fortel at det er god konkurranse. Utfordringa er at det er usikkerheit rundt grunnverv.

Avisa Nordhordland har ved fleire høve skrive om konflikten mellom Statens vegvesen og Shell-stasjonen i Knarvik. Statens vegvesen har sendt ut ekspropriasjonsvarsel til fleire.

Det vil sei at grunneigarar må gje frå seg eigedommen med tvang mot ein økonomisk kompensasjon av staten dersom ikkje partane blir samde. Kolås varslar at det vil bli rettsprosess rundt dette.

Målet er at prosjektet skal starte opp i januar neste år, og ferdigstilling er venta tidleg i 2023. Prisramma er 200 millionar kroner. Per no ser det ut som at dette blir den reelle prisen også.

Prosjekt 7A: Kollektivtiltak Flatøy

På Flatøy er det planlagt betre pendlarparkering, og gang- og sykkelveg. Prosjektering er planlagt i løpet av våren 2021. Budsjettramma er 97 millionar kroner, men førebels ser den reelle prisen ut til å bli 65 millionar kroner.

Prosjektet 7B: Kollektivtiltak fv. 57

Også i Knarvik blir det jobba med tiltak som skal betre kollektivtilbodet. Kolås fortel at det har vore fram og tilbake til korleis ein skal løyse dette. Per no er det etablert ein midlertidig bussterminal langs E39. Denne har vore i drift sidan oktober 2019.

Det er Lindås kommune som finansierer mesteparten av dette tiltaket, men Nordhordlandspakken har finansiert 15 millionar kroner.

Prosjekt 8: Vegutbetring fv. 565

Her blir det bygd ny gang- og sykkelveg. Per november er alt som har med grunnarbeidet ferdig. No ventar ein på godkjenning, noko som har vore ei utfordring.

Til slutt står att det å etablere brua med gang- og sykkelveg. Prisramma var 11,9, men enda på 14,5 millionar kroner.

Prosjekt 9: Rammetiltak Masfjorden

I Masfjorden kommune er det utarbeidd ni punkt ein ser på som kritiske å gjere tiltak på. Dette prosjektet er meir eller mindre ferdig. Prisramma var 37,5 millionar kroner. Denne har ein halde seg innanfor.

Prosjekt 10: Fv. 5510 Fedje

Vegen er utbetra, og det er blant anna laga møteplassar. Budsjettet var 2,16 millionar kroner og prisen enda på 2,19 millionar kroner. Dette prosjektet er ferdig.

Prosjekt 11: Fv. 5 Modalen

Prosjektet i Modalen er likt som Masfjorden. Her er det også utarbeidd ni punkt med tiltak. Prisramma var ordinært 2,16 millionar. Prosjektet fekk også 1,4 millionar kroner i støtte frå Modalen kommune, og tilsvarande sum frå Vestland fylkeskommune.

Dette prosjektet er ferdig.

Prosjekt 15: E39 Molvikkrysset

Molvikkrysset på E39 skal utbetrast. Målet er at reguleringsplanen blir godkjent vår 21. Prisramma er ordinært 24 millionar kroner, men prisanslag viser 40 millionar kroner.

Prosjekt 17: Vikane – Eikangervåg

Her kjem det ny gang- og sykkelveg slik at strekninga blir tryggare for mjuke trafikantar. Planen er oppstart våren 2021. Budsjett og anslått pris er begge 119 millionar kroner.

Desse prosjekta er på vent:

I tillegg til tunnel frå Knarvik til Isdalstø, er fem andre prosjekt på vent.

– Desse kan vi ikkje starte på før vi veit om det er midlar til det, seier Kolås.

  • Prosjekt 13: Kollektivtiltak Manger. Dette prosjektet omfattar ny kollektivterminal. I 2017 fekk prosjektet ein estimert kostnad på fem millionar kroner.
  • Prosjekt 14, fv. 57: Vatnekrysset
  • Prosjekt 16: Sæbø skule. Utbetring av veg og etablering av gang- og sykkelveg. Prosjektet blei i 2017 berekna til å koste 72 millionar kroner.
  • Prosjekt 18, fv. 564: Sandskaret – Holme. Dette prosjektet inneber utbetring av fv. 564. Det er også planlagt ein 3,2 kilometer lang gang- og sykkelveg. Prisen blei i 2017 sett til 65 millionar kroner.
  • Prosjekt 19, fv. 565: Hilland. I dette prosjektet ligg det utbetring av fv. 565. Det er også planlagt gang- og sykkelveg på 3,3 kilometer mellom Hilland og grensa til Radøy og Lindås. Prisen er sett til 50 millionar kroner.