Gå til sidens hovedinnhold

Slik blir kollektivtilbodet 17. mai

Artikkelen er over 1 år gammel

Unngå å reise kollektivt, oppmodar Skyss om nasjonaldagen.

Sjølv om det er anbefalt å halde seg i nærmiljøet på nasjonaldagen i år, er det mogleg å kome seg rundt ved hjelp av buss. Skyss skriv at det har vore ei utfordring for dei å spå reisebehova i år. Det er grunna at fleire arrangement blir direkteoverført, i tillegg til at kommunane ikkje ønsker samlingar av folk, at Skyss har avlyst dei faste ekstraavgangane til og frå Bergen sentrum med buss og Bybana.

I Nordhordland blir det søndagsruter, i tillegg til at nattbussen til 17. mai ikkje går slik som før. Nattavgangane har vore innstilt sidan mars.

Framleis oppmodar Skyss alle til å unngå å reise kollektivt dersom dei kan reise på andre måtar. Dei opplyser også om at dei er avhengige av låge reisetal for å kunne tilby ei trygg reise.

Reisande må passe på å halde god avstand til kvarandre om bord og på haldeplassar og terminalar. Dersom det ikkje er plass til å halde god avstand om bord, må ein vente på neste avgang.

Rutetidene for 17. mai vil vere søkbare i reiseplanleggaren på skyss.no og i appen Skyss Reise.

Les også

Busselskapet slår seg konkurs etter tøffe koronatider

Les også

No kan du møte dette synet på bussen

Kommentarer til denne saken