Slik blir 17. mai feira rundt i distriktet

Sjølv om 17. mai i år ikkje kan feirast med barnetog og store fellesarrangement, set ikkje det ein stoppar for markering av dagen. Her kan du sjå korleis dei forskjellige bygdene har planlagt dagen.

Sjølv om 17. mai i år ikkje kan feirast med barnetog og store fellesarrangement, set ikkje det ein stoppar for markering av dagen. Her kan du sjå korleis dei forskjellige bygdene har planlagt dagen. Foto:

Sjølv om 17. mai i år ikkje kan feirast med barnetog og store fellesarrangement, set ikkje det ein stoppar for markering av dagen. Her kan du sjå korleis dei forskjellige bygdene har planlagt dagen.

DEL

Alver kommune:

Vi startar dagen med å heise flagg og leggje ned krans ved minnesmerke på ulike plassar i kommunen.

Alversund:

Det vert ei annleis feiring av 17. mai i år. Komiteen har sett saman eit program for dagen somme håpar kan vere til glede, og som vil kunne gje litt 17. mai kjensle. Brua ved skulen vert pynta med bjørk og flotte barneteikningar, og me håpar dykk vil ta ein tur for å sjå dei.

  • 07:00 Salutt
  • 08:00 Flaggheising. Korpset spelar i Kvamsvågen.
  • 08:40 Korpset spelar ved Alversund kyrkje.
  • 09:20 Korpset spelar i Ikenberget – Trollskogen barnehage.
  • 10:00 Korpset spelar i Alvermarka – på grusbana.
  • 10:30 Opptak av gudsteneste frå Alversund kyrkje – kyrkja.no/nordhordland
  • 10:40 Korpset spelar i Hilland Vest – ballbingen.
  • 11:15 Kransenedlegging ved bauta i Alversund. Tale v/ Hans Kenneth Sundsbø.
  • 12:15 Korpset spelar i krysset mellom Soltveit og vegen til Hillandsvatnet.
  • 12:30 Opptak av 17. mai tale v/ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad.
  • 13:00 Oppfordrar alle saman til å kome ut på terrassen å syngja «Ja, vi elsker» Korpset spelar i Hilland Vest, Trollskogen barnehage, Alvermarka (grusbana).

Austebygd:

  • 08.00: Flaggheising i alle tun.
    Flaggheising på Austebygd skule. «Ja, vi elsker dette landet» ved Heidi og Sindre Røynstrand Kolås. Vi bed om at ingen møter opp. Følg streaming på Facebook.
  • 10.00: 17. mai-tale ved Lene Soltveit og song ved Karoline Holta Brandsæter på Facebook.
  • 10.30: 17. mai-festgudsteneste frå Alversund kyrkje. Facebook: «Kyrkja i Alver»/www.kyrkja.no/nordhordland
  • 11.00: Brannbilen helsar oss med «ALT BLIR BRA»-plakatar, laga av barnehageborn. Møt opp langs vegen! Brannbilen kjem frå Bø og køyrer vidare over Sletta.
  • 12.30: Tale ved ordførar Sara Hamre Sekkingstad. Facebook: «17. mai i Alver» www.alver.kommune.no/aktuelt/nyheiter/17-mai-i-alver/
  • 13.00: Heile Noreg syng «Ja, vi elskar dette landet».
  • 13.30: Kransnedlegging og appell ved minnebauta for 99. bataljon og krigsseglarane ved Emigrantkyrkja på Sletta.
  • 16.00: 17. mai- revyinnslag frå Slettarevyen.

Eikanger:

  • 08.00: Flaggheising
  • 10.00: Salutt
  • 10.30: Digital 17. mai-gudsteneste med Alver-kyrkja. Sjå kommunen si heimeside.
  • Ca kl. 12.00: 17. mai-kortesje med spanande køyretøy og korpsmusikk. Kjem frå Knarvik, Seim, via Høyland, forbi Eikanger og ut på E39 mot Hjelmås og Leknes. Finn deg ein plasslangs ruta med flagg og hurrarop! Hugs avstand! Sjå nasjonale retningslinjer for årets 17. mai-feiring på regjeringen.no.
  • 12.30: Digital-tale ved ordførar Sara Hamre Sekkingstad (www.alver.kommune.no).
  • Frå 12.45: Båtkortesje i Osterfjorden! Vi pyntar båtane våre og møtes på fjorden utanfor gamle-kaien på Eikanger. «E39 båt og henger» leiar an kortesjen som vil gå til Hjelmås, via Eknes og tilbake til Eikangervåg. Vi syng nasjonalsongen saman på fjorden kl. 13.00 førkortesjen set kursen mot Hjelmås. Hugs vest til alle i båten og vis båtvett!

Frå fredag til søndag vil det også bli arrangert sporløp rundt «Vågen» på Eikanger. Her finn ein meir informasjon.

Grasdal skulekrins:

  • Kl. 08.00 Flaggheising ved Grasdal ungdomshus.
    Appell og innslag frå elevar ved Grasdal skule. Video frå denne seansen blir publisert på Facebook-gruppa. Me oppmodar folk om ikkje å oppsøke ungdomshuset, då det lett kan bli ei stor gruppe.
  • Kl. 10.00 Bilparade med inviterte køyretøy.
    Startar på Litlebergen kl. 10:00 (rute blir lagt ut på Facebook-gruppa) Her er det viktig at smittevern står i fokus. Kvar familie står samla, og det er viktig at vi spreier oss langs løypa. Overrasking til borna.
  • Kl. 13:00 NRK arrangerer felles song av nasjonalsongen.
    Her oppmodar me alle til å syngje med frå hagar og terrassar. Tale for dagen blir publisert i Facebook-gruppa.
  • Kl. 13:30 Det vert loddsal frå loddbøker frå 7. mai til 16. mai, og vinnarar blir annonsert i Facebook-gruppa kl. 13:30. Flotte premiar! Meir info om loddsal i Facebook-gruppa.
  • Kl. 14:00 Live-sendt bingo på Facebook-gruppe (sjå eige arrangement i gruppa)
    Bingo-ark i sal frå 7. mai til 16. mai. Utruleg flotte premiar her også!

Her kan ein finne meir informasjon.

Hordabø krins:

  • Kl. 08.00: Flaggheising.
  • Kl. 09.00: Kransnedlegging på Kvalheim, utan publikum. Video vert lagt ut.
  • Kl. 09.30: Frammøte for inviterte.
    Tale: Ståle Villanger
    Kransnedlegging ved Urnelunden og Bautasteinen
    Hordabø skulemusikklag spelar.
  • Kl. 11.00: NRK sender festgudsteneste frå Nidarosdomen i Trondheim.
  • Kl. 12.30: Tale av ordførar Sara Hamre Sekkingstad vert sendt på Alver kommune si facebookside, samt nettsida til kommunen: www.alver.kommune.no.
  • Kl. 13.00: Saluttar frå alle landet 9 festningar, i alt 21 skot. Alle i landet vårt oppfordrast til å gå ut og synge med på felles «Ja vi elsker».
  • Kl. 14.30: Bilkortesje frå idrettsbana rundt Vågenes og tilbake for alle, kom med den bil du har, gamal eller ny, pynt gjerne. Familiar langs vegen oppfordrast til å flagge og rope «Hipp Hurra» når biltoget køyrer forbi.

Facebook vil dei publisere hendingar, tale, korpsmusikk og konkurransar direkte i løpet av dagen.

Husebø krins:

  • Kl. 08.00: Flagget vert heist ved Nordavinden
  • Kl. 11.00: «17. mai-traktoren» køyrer frå Landsvik og ut til Skjelanger.
    Representantar frå 17. mai-komitéen køyrer traktor med korpsmusikk frå høgtalar langs dei kommunale vegane frå Landsvik og ut til Skjelanger. Kom ut og møt oss langs vegen. De høyrer når me nærmar oss.
  • Kl. 12.30: Digital tale for dagen vert tilgjengeleg på Alver kommune si facebook- og nettside.
    Talar er ordførar Sara Hamre Sekkingstad.
  • Kl. 13.00: Alle i Norge syng nasjonalsongen.
    «17. mai-traktoren» står ved Sjøslaget og speler «Ja vi elsker». Møt gjerne opp i bil ved Sjøslaget og syng med frå bilen. Etter 3. vers tutar alle 3 korte støyt i bilhornet før alle køyrer kvar til sitt.

Kløvheim:

  • Kl. 07.00: Salutt
  • Kl. 10.30: Oppmøte på skulen.
    Dei som vil vera med i kortesjen stiller seg i kø og får tildelt plass etter kvart.
  • Kl. 11.00: Me opnar med å syngje «Gud signe vårt dyre, fedreland»
    Velkomne: 2 frå 7. klasse vil lesa noko for oss
    Musikkinnslag: Me kårar vinnarane av finaste pynta køyretøy
    Me får vinnarane av familiequizen og barnequizen
    Me syng «JA VI ELSKER»
    Folk som ikkje skal vera med i kortesje kan gå.
  • Kl. 12.00: Kortesjen gjer seg klar til å starte; traktorar først med faner og flagg, så kortesjen som står klar på skuleplassen.
    Køyrer rundt Fammestad to gonger før kvar og ein går kvar til sitt og deltek på salutt og nasjonalt «JA VI ELSKER» i hagane våre heime rundt om i bygda
  • Kl. 13.00: Streaming av tale frå ordførar

Knarvik:

  • Kl. 07.00: Salutt og flaggheising
  • Kl. 10.00: Bilkortesje frå Knarvik ferjekai, med brannvesen, politi, kranbil med fleire.
    Kortesjen går frå kaia, opp forbi senteret før den svingar inn og opp forbi Knarvik sjukeheim, ut på E39, inn ved kyrkjegarden og bort Lonsvegen før den køyrer ut gymnaskrysset og mot Seim.
    Håpar at det står publikum på fortaua langs ruta (med god avstand). Me oppmodar alle om å sjå bilkortesjen frå næraste fortau eller frå terrassen.
    Ta gjerne med flagg og hald avstand.
  • Kl.: 12.00: Knarvik skulekorps spelar på sjukeheimen, dette er for dei som bur på sjukeheimen.
  • Kl.: 12.30: Ordførar Sara Hamre Sekkingstad heldt sin tale.
    Denne vert sendt direkte på Alver kommune si nettside og Facebook-side.
  • Kl. 13.00: Alle syng «Ja, vi elsker» heime i eigen hage, eller på terrassen.

Lindås:

  • Kl. 07.00: Salutt
  • Kl. 08.00: Flaggheising
    Lindås Skulekorps spelar ved Lindås Bu & Servicesenter og i Skrenten på formiddag.
  • Kl. 13.00: Vi oppfordrar til å vere med på den planlagde nasjonale allsongen av «Ja, vi elsker» i egen regi
  • Best Lindås held ope og ønsker å gi deler av kiosksalet på nasjonaldagen til dei klassene som i år har mista dugnadsinntekta sin.

17. mai komiteen har i år retta seg etter retningslinjer frå myndigheitene og med bakgrunn i dette blir det ikkje tog eller feiring i Lindåshallen som normalt. Vi ønsker likevel å bidra til ein fin feiring og har i år fått laget ein flott filmsnutt i samarbeid med Digital Creations. I filmen finn de kjente innslag frå feiring på Lindås med talarar, musikk og song som vil bli publisert på 17. mai. Denne håper vi vil falle i smak og bidra til markeringa av grunnlovsdagen.
Trykk her for å sjå filmen.

Manger:

  • Kl. 08.00: Flaggheising og salutt
  • Kl. 10.00: Skulemusikken startar marsj frå rådhuset, går til Langhøyane og Seilfaldet.
    Me oppmodar alle til å gå ut i eigen hage/ veranda å følge med på, og vinke til skulemusikken
  • Kl. 11.00: Strøyma gudsteneste frå Alversund kyrkje: www.kyrkja.no/alver
  • Kl. 12.00: Kransenedlegging v/ bautaen på Manger og tale v/Magnar Klausen.
    Følg talen på Facebook: Alver kommune, arrangementet: 17. mai i Alver.
    Skulemusikken spelar.
  • Ca. kl. 12.30: Skulemusikken går frå rådhuset til velferdssenteret.
    Me oppmodar alle til å gå ut i eigen hage/ veranda å følge med på, og vinke til skulemusikken
  • Kl. 12.30: Tale ved ordførar Sara Hamre Sekkingstad vert sendt på Alver kommune si facebookside, samt nettsida til kommunen: www.alver.kommune.no
  • Kl. 13.00: Saluttar frå alle landets 9 festningar, i alt 21 skot. Alle i landet vårt blir oppmoda til å gå ut syngje med på felles «Ja vi elsker»

Rossland:

  • Kl. 07.00: Salutt.
  • Kl. 12.00: Poesiprisen vert publisert.
  • Kl. 12.30: Ordførar Sara Hamre Sekkingstad har digital 17. mai tale.
  • Kl. 13.00: Skulekorpset spelar ved omsorgsbustadene.
    Det vert dessverre ikkje mogleg å møte opp som publikum.
    Dei som bur i nærleiken er sjølvsagt velkomne til å sjå og høyre frå hagar og terrassar. Kjekt om de er med å takke skulekorpset med applaus.
    Fellessong av nasjonalsongen frå kvar sin hage/terrasse.
    – Regjeringa har kome med forslag om fellessong kl. 13.00. Då vil dei skyte salutt på fleire stader i Norge og etter salutten er det ønske om at vi stemmer i med «Ja, vi elsker». Dette kan følgast på dei nasjonale TV-kanalane.

Sagstad skulekrins:

  • Kl. 08.00: 17. mai komiteen ved Sagstad sin sending med song og tale.
  • Kl. 09.00: Sagstad Skulekorps spelar på Meland Sjukeheim.
  • Kl. 09.45: FamilieKahoot på Zoom -link frå facebookside.
  • Kl. 10.45: Gudsteneste Meland kyrkje.
  • Kl. 11.00: Korpset marsjerer på Frekhaug.
  • Kl. 12.00: Gudsteneste Meland kyrkje.
  • Kl. 13.00: Korpset samlast på Frekhaug senter for felles «Ja, vi elsker».
    (Folk syng med der dei er)
  • Kl. 16.00: Bilkortesje – Alternativt 17. mai tog.
    Start frå Meland Aktiv.

Sæbø-krinsen:

  • Kl. 08.00: Salutt på Solheimsåsen og flaggheising.
  • Kl. 11.00: Nedlegging av kransar v/bauta v/kyrkja ved Sæbø skulemusikklag.
    Video vert lagt ut på skulemusikken si offentleg Facebookside: «Sæbø skulemusikklag».
  • Kl. 11.00: NRK sender festgudsteneste frå Nidarosdomen i Trondheim.
  • Kl. 12.30: Tale av ordførar Sara Hamre Sekkingstad blir sendt ut på kommunen sin Facebookside, samt nettsida til kommunen.
  • Kl. 13.00: Salutt frå alle landets festningar, i alt 21 skot. Alle i landet vårt vert oppfordra til å gå ut å synge med på felles «Ja, vi elsker».

Austrheim kommune:

  • Kl. 07.00: Salutt.
  • Kl. 08.00: Flaggheising.
  • Kl. 10.00: Digitalt innslag frå Austrheim kyrkje. Du kan sjå den på https://kirken.no/austrheimkyrkja@17.maiAustrheim.austrheim.kommune.no.
  • Kl. 11.00: Kransnedlegging ved minnestøtta Austrheim kyrkje.

Mastrevik Torg:

  • Kl. 12-12.30: Oppstilling av bilar på parkeringsplass.
  • Kl. 12.45: Drive-in tale av ordførar Per Lerøy.
  • Kl. 12.50: Austrheim skulekorps spelar.
  • Kl. 13.00: «Ja, vi elsker dette landet».
  • Kl. 13.05: Bilkortesje mot Mongstad.
    Bilkortesjane møtest på Kilstraumbrua og snur i rundkøyringa.
  • Kl. 11.00 Krans-nedlegging ved minnestøtta i Leirvågen.

Spar/Rema 1000 Mongstad:

  • Kl. 12-12.30: Oppstilling av bilar på parkeringsplass.
  • Kl. 12.45: Drive-in tale av varaordførar Inger Lise Brekke.
  • Kl. 12.50: Kaland skulekorps spelar.
  • Kl. 13.00: «Ja, vi elsker dette landet»
  • Kl. 13.05: Bilkortesje mot Mastrevik.
    Bilkortesjane møtest på Kilstraumbrua og snur i rundkøyringa.

Mastrevik kai:

  • Kl. 12-12.30: Oppstilling av båtar.
  • Kl. 13.00: «Ja, vi elsker dette landet».
  • Kl. 13.05: Båtkortesje mot Kilstraumen og vidare ut i øyane.

Pynt bilar og båtar! Ordførar Per Lerøy spanderer is på alle barna som er med i bil- og båtkortesjane. Talane får du inn på FM-radioen i bilen. Bilrebus klokka 18.00.

Fedje kommune:

Alle innslag vert publisert på Facebook gruppa: «17. mai på Fedje»

  • Kl. 10.00: Bedrifta i bilkortesje, inviterte deltakarar.
    (Badestranda-kalvedalen-børhaugen-kaien)
  • Kl. 10.45: Kransenedlegging v/ Stian Herøy & Feiekostane m/ hornmusikk.
  • Kl. 11.15: Feiekostane m/ hornmusikk opptrer ved sjukeheimen
  • Kl. 12.00: Gudsteneste, vert publisert på kyrkja si heimeside og Facebook gruppa
  • Kl. 12.00-14.30: Facebookgruppa
    – ulike innslag, helsingar, bilde som blir sendt inn, innslag frå skulen & barnehagen.
  • Kl. 13.00: Oppfordrar alle til å vere med på felles nasjonalsong for heile landet.
  • Kl. 14.30: Kulturkvarter med ulike kulturelle innslag, 17. mai tale og utdeling av premiar på konkurransar & rebuskonkurranse.
  • Kl. 16.00: Veteranflyoppvisning

Masfjorden kommune:

Oppdatert informasjon og mange innslag frå alle delar av kommunen kan du finne på masfjordingen.no

Haugsvær:

  • Kl. 08:00: Flaggheising ved bedehuset og skulehuset
  • Kl. 11:30: Båtparade til Solheim.
    Dei som ønskjer å delta møter opp med båtar ved Haugsvær kai eller hektar seg på undervegs. Ruta går langs heile Haugsværfjorden. Me oppmodar alle som ikkje deltek i båtparaden om å sjå den langs fjorden og helse med flagg.
  • Kl. 12:55: Kyrkjeklokkene på Solheim ringer
  • Kl. 13:00: Felles song «Ja, vi elsker» i båtane på Solheim.
  • Kl. 13:30: Retur til Haugsvær
  • Kl. 14:00: Natursti. Informasjon og start ved skulehuset. Seinast innlevering kl. 18:00.

Solheim:

  • Kl. 11:00: Dei som ønskjer kan delta i båtparaden frå Haugsvær kai.
  • 12.55: Kyrkjeklokkene på Solheim ringer
  • 13:00: Felles song «Ja, vi elsker». Frammøte på kaiområdet.

Matre/Haugsdal:

  • Kl. 11.30: Dei som ønskjer kan delta i båtparaden frå Haugsvær kai.
  • Kl. 12.55: Me samlast ved Bjørn West Museet.
  • Kl. 13.00: Felles song «Ja, vi elsker»
  • Kl. 14.00: Natursti.
    Informasjon og start på Våganeset. Seinast innlevering kl. 18.00.

Nordbygda:

  • Kl. 07:00: Salutt

  • Kl. 08:00: Flaggheising ved skulen

  • Kl. 11.00: Korpset spelar ved sjukeheimen
    Dette er eit innslag for brukarar på sjukeheimen. Ein ønsker ikkje ei større samling av folk ved sjukeheimen.

  • Kl. 12.00: Bilkortesje frå Duesund via Hosteland, rundt Sleire, Frøyset og til Risnes.
    Alle er velkomne til å delta i kortesjen og stille opp bak leiarbilen som står i Duesund frå 11:45 (ein snur ved ferjekaien og køyrer til ein treff leiarbil/kortesjen i retning Hosteland).
    Kortesjen startar kl. 12:00 og vil køyre i sakte fart gjennom oppsett rute.
    Vi oppmodar folk til å pynte bilen, men det er viktig at køyretøyet er i forskriftsmessig stand og fungerer som i trafikken elles. Korpset spelar når kortesjen passerer skulen, og det vert lagt opp til ein del andre ting som skjer langs traséen.
    Vi oppmodar også dei som bur langs løypa og ikkje sjølv deltek i kortesjen til å pynte, helse med flagg og gjere sitt til at det vert litt ekstra stas å køyre i kortesjen.
    Når kortesjen er i krysset ved Risnes, køyrer deltakarane kvar til sitt.

Sørsida:

  • Kl. 07.00: Salutt
  • Kl. 08.00: Flaggheising ved Sandnes skule og kommunehuset
  • Kl. 09.30-10.15: Sandnes skulemusikk spelar på Kvingo
    Marsjrute: Sørkvingeelva – butikken – Sørkvingeelva
    Mini-konsert ved butikken
    Festlege tippekonkurransar for store og små ved butikken
  • Kl. 11.00-11.45: Sandnes skulemusikk spelar på Andvik
    Marsjrute: Andvikeelva- butikken- Andvikeelva
    Mini-konsert ved butikken
    Festlege tippekonkurransar for store og små ved butikken.
  • Kl. 1230-13.30: Sandes skulemusikk spelar på Sandnes
    Marsjrute: Sandnes skule- ferjekai/kyrkje.
    Festlege tippekonkurransar for store og små på kaien.
  • Kl. 12:55: Klokkeringing frå Sandnes kyrkje.

  • Kl. 13.00: Heile Norge syng «Ja, vi elsker».
    Skulemusikken spelar frå kaien.

  • Kl. 14.00: 17. mai-filmen, 17. mai-talen mm vert vist på storskjerm v/Snikkarbua, Kvingo.
    https://facebook.com/events/s/17mai/2569431833272298

  • Kl. 18.00: «Grunnlovskveld i godt lag» på Sandneskafeen.
    https://m.facebook.com/events/575902136662837
    Påmelding: 97702476

Gulen kommune:

  • Kl. 12:00: Tale og fotokavalkade.
    17. mai-tale ved ordførar Hallvard Oppedal via nett.
    Alle komitéar har sendt inn bilde og videoar frå si bygd som vi deler via link.
  • Kl. 13.00: Felles for heile Noreg: Vi syng «Ja, vi elsker».
    Vi oppmodar folk å høyre på korpsmusikk, vinke med flagg og rope «Hurra» til korpset når dei går forbi.

Brandangersund:

  • Kl. 10.45: Båtkonvoi nord Brandanersundet og rundt Bjorøy.
    Oppmøte 10.45, konvoien går 11.00.

Brekke:

  • Natursti, to ulike løyper: Engeset og Midt-Taklestølen (hugs eigen blyant).

Dalsøyra

  • Bilkortesje klokka 11.00.

Eivindvik:

  • Konkurransar på nett: Goosechaist light og Kahoot.
    Bilkortesje frå Prestekaia saman med Nordgulfjorden klokka 13.30 via Dingja.
    Natursti i Prestegardstien 1 og 2 (like oppgåver), eventuelt 17. mai-nøtter på nett dersom dårleg ver.
    Revyinnslag på nett klokka 20.00.

Nordgulfjorden/Haveland:

  • Bilkortesje.
    Start ved Nordgulen klokka 13.15 via Eivindvik, Dingja, Levresundet til Haveland.
    Kåring av mest kreative bil. Natursti frå Tveita til grendehuset

Oppedal:

  • Natursti (to løyper med like oppgåver) Storerunden ved Indre og frå ytre innover fylkesvegen.

Ytre Gulen:

  • Bilkortesje, start ved Byrknes Landhandleri klokka 13:05.
  • Rebusløp, start ved Krambua.

Modalen kommune

  • Kl. 10.00: Samling ved kyrkja. Kransnedlegging ved ordførar og diktlesing ved elevar.

  • Kl. 10.00: Samling ved kyrkja.
    Kransnedlegging ved ordførar og diktlesing ved elevar.

  • Kl. 10.15: Samling ved Olav Nygard.
    Diktlesing av elevar og nedlegging av krans.

  • Kl. 10.30: Brannbilar køyrer oppover dalen frå Mo.
    Barnehagane har laga banner som skal hengast på brannbilane.

  • Kl. 12.00: Nese Media viser film av kransnedleggingar frå tidlegare på dagen.
    Det blir òg tale for dagen ved Alva Kjensli og andre høgdepunkt.

  • Kl. 16.30: Konsert på Modalstunet.
    Soknerådet held utekonsert der publikum kan følge konserten frå bilane sine.
    Song og diktlesing.

  • Kl. 19.00: Barnequiz og familiequiz med sending frå Nese Media. Premiar til alle barn.




Artikkeltags