Slepp å betale for korona-stengde SFO-ar og barnehagar

Det uttalar regjeringa sin kunnskapsminister tysdag.

DEL

Den ferske kunnskapsministeren, Guri Melby frå Venstre, oppklara tysdag noko som har vore debattert blant mange den siste veka.

Ho uttala at føresette slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengt grunna koronautbrotet.

Barnehagane vil få full kompensasjon for tapet frå staten, for å unngå permitteringar. Dei skal vidare få utbetalt det vanlege tilskotet frå kommunen.

– Dette vil gje barnehagane og SFO i offentlege finansierte skular økonomiske rammevilkår som er stabile, og eg forventar at vi unngår permitteringar. Dersom nokre barnehagar likevel skulle permittere tilsette, vil kompensasjon og tilskot bli avkorta, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i pressemeldinga.

Gjeld også dei private

Private barnehagers landsforbund, skriv i ei eiga pressemelding at dette også gjeld private barnehagar.

– Dette er svært viktige avklaringar og veldig gledeleg. Barnehagane får arbeidsro til å kunne gjere ein veldig viktig jobb for samfunnet i denne kritiske situasjonen. Dei tilsette får tryggleik for at dei ikkje vil bli permitterte. Og foreldre får fritak frå foreldrebetaling i ein situasjon som for mange opplevast veldig krevjande, seier administrerande direktør Anne Lindboe i PBL i pressemeldinga.

Ho skryt over Melby, som tredde inn i posisjonen som kunnskapsminister førre fredag, og seier at støtta forpliktar dei private barnehagane.

– No skal vi vise at vi er tilliten verdig og at vi vil strekke oss langt for å bidra i denne dugnaden. Og det har eg stor tillit til at våre barnehagar gjerne vil.

Artikkeltags