Fylkesvaraordførar Pål Kårbø vil bli Skyss-direktør

Pål Kårbø, KrF.

Pål Kårbø, KrF. Foto:

Pål Kårbø melde seg ut av KrF, så melde han seg inn att. No vil han bli direktør for kollektivtransporten i Hordaland.

DEL

BA har fått innsyn i søkjarlista til jobben som Skyss-direktør i Hordaland fylkeskommune. Direktør Oddmund Sylta gjekk av tidlegare i år, og er no rådgjevar i fylkeskommunen.

På lista over dei som vil bli hans erstattar, er blant anna to søkjarar som har fått innvilga at namnet deira vert halde unntatt offentlegheit, og eit par søkjarar som folk kjenner til frå før;

Pål Kårbø, som i dag er fylkesvaraordførar, og Målfrid Vik Sønstabø som er konstituert direktør.

Kårbø laga litt bølgjer i den politiske andedammen då han melde seg ut av KrF, og varsla at han ville gå over til Høgre. Men etter å ha fått tenkt seg om melde han seg inn i KrF att.

– Eg er i ein situasjon der eg aktivt må søkja meg ny jobb. Eg føl då med, og kjenner at mitt engasjement og min kompetanse, herunder i kollektivtransport, gjer at eg meiner at eg har ein del å tilføra rolla som direktør for Skyss, seier Kårbø til BA.

Her er søkjarane til å ta over Skyss:

Håkan Karlsson, 44 år administrerande direktør kommunale bosteder og eiendom, Älvkarleby. 
Arne-Christian Haukeland, 49 år administrerande direktør, Luxembourg, mann
Søker ikke offentleg, mann  
Monica Nyhagebråten, 48 år kommersiell direktør, Bergen, kvinne
Khashayar Govahi, 34 år arbeidssøkjar, Alborz, mann
Leif-Arne Korneliussen, 47 år service manager Nordic, Askøy, mann
Jørn Kåre Bjørnå, 51 år arbeidssøkjar, Bergen, mann
Målfrid Vik Sønstabø, 50 år konstituert direktør Skyss, Fjell, kvinne
Åshild Lussand Sønsteby, 47 år avdelingsleiar, Bergen, kvinne
Kåre Gert Monsen, 52 år avdelingsdirektør NAV familie og pensjonsytingar, Bergen, mann
John Fredrik Wallace, 54 år næringsrådgjevar, Lindås, mann
Knut Erik Reigstad, 33 år konsulent, Bergen, mann
Johan C. Haveland, 50 år leiar passasjertransport, Bergen, mann
Søkjar ikkje offentleg mann
Victor Olaniyi, 30 år Olang autos management, Lagos, mann
John Martin Jacobsen, 45 år seksjonsleiar, Meland, mann
Søkjar ikkje offentleg, kvinne  
Pål Kårbø, 45 år fylkesvaraordførar, Meland, mann

Artikkeltags