Sjefen i Skyss går av

Oddmund Sylta, Skyss.

Oddmund Sylta, Skyss. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Oddmund Sylta har vore direktør heilt frå Skyss blei etablert i 2007. No sluttar han i jobben, skriv Hordaland fylkeskommune på sine nettsider.

I løpet av desse åra har  talet på kollektivreisande i Hordaland auka kraftig. 

– Oddmund Sylta har gjort ein formidabel innsats gjennom mange år, og det vil eg takke han for, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Sylta går inn i ei nyoppretta stilling i samferdselsavdelinga frå måndag 2. juli, og Målfrid Vik Sønstabø er konstituert som direktør frå same dato. Stillinga som direktør i Skyss blir lyst ut om kort tid.

Artikkeltags