Skyss stoppar manuell billettering

Selskapet setter inn yttarlegare tiltak for å avgrense spreiinga av koronaviruset.

DEL

Skyss/Kringom har no innført stopp av manuell billettering på alle ferjer og båtar i Vestland fylke, skriv dei i ei pressemelding.

Tiltaket gjeld også for buss, og vil i første omgang vare fram til 22. mars.

– Vi vil oppretthalde billettering som kan gjennomførast utan at det er kontakt mellom billettør og kunde. Skyss/Kringom jobbar med å finne alternative betalingsløysingar der det er behov, skriv dei.

Dei oppmodar folk til å sørge for at dei har gyldig billett når dei reiser, trass i dei nye endringane.

– Skyss/Kringom er avhengig av billettinntektene for å oppretthalde kollektivtilbodet.

– Dette er ein krevjande situasjon vi må stå i saman, skriv dei i pressemeldinga.

Artikkeltags