Skyss reduserer kollektivtilbodet etter sterk passasjernedgang

Av

Skyss skriver i ein pressemelding at dei vil redusere tilbodet på buss og bybane i tida framover. 

DEL

Bakgrunna for endringane i kolektivtilbodet er at passasjertala har blitt sterkt redusert som følge av at skuler og fleire verksemder er stengde.

– Vi ser av våre reisestatistikkar at det er over 70 prosent færre reisande enn vanleg. I denne situasjonen er det naturleg at vi reduserer tilbodet, samstundes som vi opprettheld kollektivtrafikken for dei som er avhengig av å nytte seg av denne.

Ein annan faktor som òg spiller inn på passasjertala er at regjeringa har bede folk om å ikkje reise kollektivt, dersom dei kan unngå dette, og at dei har bede folk om å unngå fritidsreiser.

– Ein annan viktig grunn er at vi ønsker å ta høgde for at fråværet kan auke blant personell og mannskap i kollektivtrafikken i tida som kjem. Dersom vi ikkje planlegg for redusert tilbod, vil dei reisande i staden kunne oppleve kansellerte avgangar som ikkje er varsla på førehand.

Desse endringane innfører Skyss:

  • Alle nattavgangar for buss og bybane (natt til laurdag og natt til søndag) blir innstilt frå førstkommande helg

  • Bybanen og busstilbodet i Bergen, Askøy/Øygarden og Nordhordland køyrer som ved sommarruter frå måndag 23. mars

  • Hardanger/Voss: Rutetilbodet blir som ved skulefrie kvardagar frå måndag 23. mars

  • I Sunnhordland, Modalen/Vaksdal og Osterøy køyrer bussane allereie etter ruter som ved skulefri

– Vi minner elles om generelle reiseråd: Ta omsyn til medreisande, hald avstand til andre reisande, og pass på god hand- og hostehygiene. Personar som er i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje reise kollektivt.

Artikkeltags