Skyss innfører avgrensingar i kollektivtransporten

– Bergen kommune har gjort vedtak som gir nokon avgrensingar, og no har fylkeskommunen bestemt å fatte dette vedtaket på all kollektivtransport i heile fylket. 

DEL

Det fortel direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø til Avisa Nordhordland.

Tiltaka gjeldt buss og bybanen, og går ut på å få ned trengselen på kollektivtransporten.

– Berre reisande som får sitjeplass eller som kan stå med minst ein meter til neste ståande får no gå på kollektivtransporten.

Sønstabø seier at dei heldt på med å få ut informasjonen til sjåførane i selskapet, og at målet er at det er sjåførane om passar på at ikkje for mange reiser med kollektivtransporten samtidig.

– Vi kjem til å sette ut vektarar på sentrale haldeplassar, då hovudsakleg i Bergen.

Skyss har ikkje tatt stilling til kor lenge tiltaka vil vere i kraft, men påpeiker at dei må appellere til dei reisande.

– Vi regner med at dei blir i kraft så lenge det er smittefare.

Desse råda gir Skyss til kollektivreisande i fylket:

  • Om du kan: reis utanom rushtida, gå, sykle eller ha heimekontor
  • Ikkje gå om bord utan at du ser at det er plass
  • Bruk bakarste inngangen på bussane
  • Hald 1 meter avstand også til førar
  • Unngå kontant betaling
  • Følg rettleiing frå personell

Artikkeltags