Gå til sidens hovedinnhold

Er du eksamens-stressa? Dette er Nh Ung sine beste tips

Artikkelen er over 3 år gammel

Tida før eksamen kan kjennast stressande og håplaus. Men det er mykje ein kan gjere for å vere godt førebudd, og gjere studeringa enklare og meir strukturert. Her er Nh Ung sine sju beste tips:

1: Skaff oversikt over temaa du har

Lag ei strukturert oversikt over hovudtemaa i pensum. Prioriter kva som er viktigast, og la resten ligga. Du rekker nok ikkje alt uansett. Planlegging gjev oversikt og føreseielegheit – noko som skapar meir kontroll og verkar nedstressande. Sørg òg for å forklara temaa med dine eigne ord. Skriv ned eller forklar høgt for deg sjølv – ikkje tru at å berre lesa gjennom held.

2: Ta pausar frå lesing

For å halda deg vaken og fokusert er det viktig å ikkje berre lesa. Ha heller korte studieøkter om gongen, med pause i mellom. Sett av tid til avkopling. Ta ein joggetur, et lunsj med nokre studievenner eller noko anna som gjev deg glede. Gje pensum tid til å søkka inn.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

 

3: Sjå på tidlegare eksamenar

Gå gjennom gamle eksamenar/tentamenar og sjå kva du har gjort feil tidlegare. Det er òg smart å sjå gjennom oppgåver frå tidlegare eksamenar som du kan finna på nettet. Ved å løysa oppgåvene får du innsikt i kva som vert vektlagt på eksamen.

Les også

Benjamin valde feil. No går han førsteklasse på nytt

 

4: Få nok søvn og et sunt

Dei siste vekene før eksamen er det viktig at du et sunt. Prioriter helst langsame karbohydrat og protein. Ver obs på å ha gode søvnrutinar. Stå opp og legg deg til faste tider, og sov minst åtte timar kvar natt. Slik vil kroppen vera best mogleg førebudd på den store påkjenninga eksamen er.

5: Ikkje opne bøkene rett før eksamen

For å unngå unødvendig stress er det lurt å ikkje opna bøkane kvelden før, eller om morgonen før eksamen. Dette vil berre skapa panikk og uro. Stol heller på hukommelsen din, og fokuser på det du kan. La vera å tenka på det du trur du ikkje veit.

Les også

Før følte Vilde at alle stira på ho. No prøver ho å ikkje bry seg

 

6: Studiegrupper

Eitt godt tips kan vera å samla fleire for å øva saman. På denne måten kan de hjelpa kvarandre. Å kunne spørja andre, men òg bli spurt sjølv og undervisa andre, kan hjelpa deg med å betra omarbeidde stoffet. Og sannsynet for at du får lukt bort nokon småfeil og mistolkingar er stor.

7: Hald deg positiv!

Unngå tankar som «uff, dette går ikkje!» eller «Eg kjem til å stryka». Haldninga di har mykje å seia for korleis du gjer det. Tenk heller «Dette klarer eg!»

Les også

16 år gammal blei Amalie mamma

 

Kommentarer til denne saken