Slit du med realfaga? Kanskje du skulle gjort som Stina og Trude

EFFEKTIV JOBBING: - Stina Nes Sjursen (15) til venstre jobbar godt saman med Trude Austrheim (15) med realfaga.

EFFEKTIV JOBBING: - Stina Nes Sjursen (15) til venstre jobbar godt saman med Trude Austrheim (15) med realfaga. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Treng du motivasjon til å jobbe med realfag? Då kan det å vere med på Ent3r vere løysinga!

DEL

Ent3r er eit program der elevane frå tiendeklasse og frå vidaregåande klasser får hjelp med realfag. Nh Ung har tatt ein prat med dei som jobbar med tiendeklassingar, samt elevane sjølve.

Opp ein karakter i matte

– Ent3r-programmet har hjelpt meg med å gå opp ein karakter i matte, seier Sheila Nemati (16) frå Knarvik. Ho har vore med på Ent3r i snart eit år og synest at å vere med på det er morosamt, lærerikt og spennande.

– Det kjekkaste med Ent3r er at du blir kjent med andre som vil bli betre i realfag, samt at du kan alltid spørje om hjelp når du ikkje forstår noko.

Har seksar – men er med likevel

Stina Nes Sjursen (15) frå Frekhaug er også med på Ent3r. Sjølv om hennar karakterar i naturfag og matte er dei aller høgste og ikkje kan bli betre, er ho villig til å strekke seg endå lengre.

– Eg melde meg på Ent3r på grunn av at eg er så glad i realfag. Eg er med fordi at mentorane er veldig flinke. Dei tar seg tid til å forklare oss ting vi ikkje forstår, og ein kan eigentleg spørje om kva ein vil.

 

HJELP MED ALT: - Markus Medaas (15) får hjelp med ei matteoppgåve av mentor Johannes Skibeli Herrem (25).

HJELP MED ALT: - Markus Medaas (15) får hjelp med ei matteoppgåve av mentor Johannes Skibeli Herrem (25). Foto:

Å vere mentor

Både Bjørnar Rødland (21), opphavleg frå Sola ved Stavanger, og Johannes Herrem Skibeli (25) frå Stavanger, studerer Allmenn Maskin Teknikk ved Høgskolen i Bergen. Dei søkte seg deltidsjobbar, og dei synest at å vere mentor er den beste jobben dei kunne fått.

– Eg får motivere ungdommane med å jobbe med realfag, men også få dei til å trivst med det. Om det hadde vore Ent3r då eg var yngre hadde eg absolutt nytta moglegheita til å forbetre meg sjølv i realfag, seier Johannes.

Kva gjer ein på Ent3r?

Kvar onsdag er det to timar med realfag og der får elevane ei matteoppgåve som dei må løyse. Dette blir kalla vekesoppgåve. Desse avheng av kva elevane held på med på skulen, og vanskegradane varierer, frå gong til gong.

I tillegg blir det nokre gonger gjort spennande forsøk i naturfag. Resten av tida får dei jobbe med lekser eller andre ting relaterte til realfag.

– Eg jobbar mest med naturfag fordi vi har så mange prøver i det, seier Sheila.

Andre, som til dømes Stina, jobbar meir med matte, så det er heilt fritt til å velje det ein vil gjere.

– Om eg ikkje hadde gått på Ent3r, hadde eg mest sannsynleg vore heime og sett på TV, så eg nyttar tida mi godt, avsluttar Sheila.

Artikkeltags