Over 100 elevar frå Knarvik ungdomsskule testar arbeidslivet – Kjekt å få prøva seg

Tha Hanpradit og Frida Spurkeland Sannerud jobbar på kafeen Folkemunne i Knarvik senter denne veka. Alle foto: Malin Nesse

Tha Hanpradit og Frida Spurkeland Sannerud jobbar på kafeen Folkemunne i Knarvik senter denne veka. Alle foto: Malin Nesse Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Denne veka har 9. klasse på Knarvik ungdomsskule arbeidsveke. Mange har søkt seg til butikkar i Knarvik senter.

DEL

Arbeidsveka er ei tid for 9. klasse-ungdommar til å få prøve arbeidslivet. Sjå det med eigne auge og lære skilnaden mellom jobb og skule.

– Blomstermiljø er ein bra arbeidsplass for meg. Eg likar å vere kreativ og sidan eg får jobba med blomster, så er det ein god moglegheit, seier Vilde Færøy til Avisa Nordhordland.

Denne veka skal ho lage forskjellige oppsatsar av blomster med dekor og hjelpe til med dei nye varene som kjem inn i løpet av veka.

LES OGSÅ: Råd for unge arbeidssøkarar: – Vis initiativ!

– Arbeidsveka for meg er ein moglegheit til ikkje berre sitte ved pulten min, men å få prøve meg i arbeidslivet. Det er gøy med litt anna enn skule av og til, seier ho.

Vilde Færøy

Vilde Færøy Foto:

– Ser kva ein jobb går ut på

Anniken Elivik har arbeidsveka si hos Lindex.

– Det er mange snille folk som jobbar her og eg koser meg veldig, seier ho

Elvik sin jobb er mellom anna å pakka ut nye varer.

– Kva er arbeidsveka for deg?

– Arbeidsveka for meg er eit bra prosjekt som viser oss ungdommar nye opplevingar og kva jobb eigentleg går ut på.

Anniken Elivik

Anniken Elivik Foto:

Håpar på jobb seinare

Tha Hanpradit og Frida Spurkeland Sannerud jobbar på kafeen Folkemunne.

– Eg ville jobbe her fordi det ser ut som ein gøy plass å jobbe, og det er veldig interessant. Denne veka skal eg lære meg å lage softis og milkshake, eg skal ta oppvasken og vaske her i kafeen, fortel ho.

LES OGSÅ: – Kjekt for elvane

Sannerud håper å få jobb på kafeen seinare

– Det verka også som ein bra plass med der ein får jobbe med masse kjekke folk, seier ho

Denne veka skal ho vaske i kafeen og lære litt om å lage forskjellige ting som softis og milkshake. Ho tenker at arbeidsveka er for å vise elevane kva som er viktig med jobb og lære litt nytt om arbeidslivet. 

Thea Christina Ramsøy

Thea Christina Ramsøy Foto:

Elskar å vere med dyr

Thea Christina Ramsøy er denne veka i jobb hos Buddi dyrebutikk.

Ho valte dyrebutikken der fordi ho elskar å vere med dyr, og jobba saman med hyggelege arbeidskollegaer. Ho synest det er bra at skulen set av tid til arbeidsveka slik at vi som ungdommar får sjå arbeidslivet med eigne auge.

– Kva skal du bidra med denne veka?

– Denne veka skal eg rydde i bura til dyra og hjelpe til med det som trengst. Det blir sikkert ein kjempekjekk veke! 

LES OGSÅ: – Veldig interessant og lærerikt å ha i lekse å lesa nyheiter

Artikkeltags