SSB: Lærarmangelen aukar

Leiknes skule

Leiknes skule Foto:

Av

Grunnskulen vil mangle 5.800 kvalifiserte lærarar i 2040, viser berekningar frå Statistisk sentralbyrå (SSB). På to år har behovet auka med 4.000 lærarar.

DEL

Framskrivingane viser at skulane totalt vil trenge 50.300 grunnskulelærarar i 2040. Ut frå berekningane vil det då mangle 5.800 lærarar i grunnskulen dersom ikkje situasjonen frå utgangsåret 2017 endrar seg.

I 2016 viste berekningane at det ville mangle 1.800 lærarar i 2040. Dermed har behovet auka med 4.000 lærarar på berre to år.

Berekningane frå SSB er gjort på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Dei meiner at auken kan forklarast med innføringa av lærarnorma som gir auka lærarbehov. Samtidig har framskrivingane for første gong tatt høgde for kor mange ukvalifiserte lærarar som må erstattast med kvalifiserte.

– Denne utfordringa møter vi med offensive grep for å rekruttere og behalde gode lærarar. I år hadde vi rekordstor søking til lærarutdanninga etter massiv satsing på læraryrket, og vi har fleire langsiktige tiltak som må få meir tid til å verke. Vi vil også vurdere nye grep, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) viser til at nesten ein av ti studentar no vil bli lærarar.

– Dette viser at satsingane våre på kvalitet i lærarutdanning og skule er det viktigaste på lang sikt. Femårig lærarutdanning, karakterkrav og sletting av studielån verkar, og gjer lærarstudiet meir attraktivt. På lengre sikt vil dette påverke tala i framskrivingane, seier Nybø.

SSBs framskriving viser samtidig at det vil vere eit overskot av barnehagelærarar i 2020, og at det vil auke til 16.100 i 2040. Det vil også vere eit overskot av lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning, lektorutdanning, faglærarutdanning og anna utdanning.

Artikkeltags