– Det er viktig med langsiktig arbeid

VIL SNU: – Marknaden vil gå opp att. Ein må ha tilgang på fagarbeidarar, elles vert det mangel på folk som kan jobba når det snur, seier Knut Eirik Kolstad og Malin Wergeland, høvesvis TAF-elev og lærling hjå Radøygruppen. Begge foto: Morten Sæle

VIL SNU: – Marknaden vil gå opp att. Ein må ha tilgang på fagarbeidarar, elles vert det mangel på folk som kan jobba når det snur, seier Knut Eirik Kolstad og Malin Wergeland, høvesvis TAF-elev og lærling hjå Radøygruppen. Begge foto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Skal regionen vår veksa og bli bra må vi ha riktig arbeidskraft.

DEL

Det seier dagleg leiar Lasse Ståløy i RadøyGruppen.

– Vi kan ikkje ta inn lærlingar i gode tider og stoppa når tidene blir dårlege. Får vi ei ny linje på vidaregåande skule, og ikkje støtter opp om den, forsvinn den, seier Ståløy.

RadøyGruppen har vore læreverksemd i 30 år, og til no har 95 fagarbeidarar tatt fagbrev i verksemda.

LES OGSÅ: – Veldig kjekk måte å læra på

– No er det knalltøft for dei fleste bransjar innan oljeservicenæringa, men det er viktig å halda kontinuiteten likevel, seier han.

Dei har no 13 lærlingar inne inkludert TAF-elevar, og tar inn tre nye lærlingar og ein TAF-elev til våren.

– Veldig opplyste

– Det er ein typisk generasjonsting at mange klager på dagens unge. Men eg opplever at det er veldig mykje fin, dyktig ungdom, seier Ståløy.

– Dei er veldig opplyste i høve til berre for få år sidan. Dei er flinke på skulen, og tar opplæringa på alvor. Samtidig er dei uroa for framtida, nesten for uroa, seier han.

Knut Eirik Kolstad (16) er TAF-elev på 1. året, og Malin Wergeland (20) er sveiselærling hjå RadøyGruppen. Dei fortel at nedgangstidene i oljebransjen er eit stort samtaletema mellom ungdom som vil ta fagutdanning.

LES OGSÅ: Kommunane satsar på lærlingar

– Ungdom er uroa for framtida, eg høyrer mykje om det, seier Malin.

– Mange er uroa for å ikkje få læreplass, seier Knut. Han fryktar konsekvensane om verksemdene ikkje er flinke til å ta inn lærlingar også i nedgangstider.

– Det trur eg er veldig dumt, marknaden vil gå opp att. Ein må ha tilgang på fagarbeidarar, elles vert det mangel på folk som kan jobba når det snur, seier han, og får støtte av Malin.

Ho tok fagbrev som platearbeidar i sommar, og er no i gang med fagbrev nummer to, som sveiselærling.

Til hausten skal ho vidare på skule som maskiningeniør.

Angrar ikkje

– Eg angrar ikkje på at eg valde yrkesfag. Eg har tru på at det snur, og at det er noko til meg når eg skal ut på arbeidsmarknaden, seier ho.

Knut er ferdig i 2019.

– Då håpar eg det har snudd og er på full fart opp, seier han.

Lærlingansvarleg Lars Tore Kleivdal seier dei no får tidlegare TAF-elevar tilbake ferdig utdanna.

– Dette er folk som kjenner verksemda, det er viktig for oss, då veit ein kva folk ein får att, seier han.

– Ein tredel av operatørane våre har gått i lære her, seier Ståløy.

– På leiarsida er to tredelar av formenn og arbeidsleiarar folk som har tatt fagbrev her. Den totale delen i administrasjonen er 40 prosent, seier Ståløy.

Han oppfordrar andre verksemder til å sjå på lærlingar som den ressursen dei er.

– Dei store verksemdene har eg inntrykk av er flinke til å ta inn lærlingar. Men det er ein skog av mindre og mellomstore bedrifter som og må sjå på dette som ein ressurs. Det kostar sjølvsagt litt, men dei er ein viktig ressurs for framtida, der ein får ut god arbeidskraft, seier Ståløy.

Artikkeltags