Set andre investeringar på vent, går for skuleutbygging

FELLES FRAMLEGG: Etter pause i møtet kom politikarane i formannskapet fram til eit felles framlegg om utbygging av Sagstad og Grasdal skular, eit framlegg som vart samrøystes vedteke.FOTO: Morten Sæle

FELLES FRAMLEGG: Etter pause i møtet kom politikarane i formannskapet fram til eit felles framlegg om utbygging av Sagstad og Grasdal skular, eit framlegg som vart samrøystes vedteke.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Eit samrøystes formannskap går igjen inn for full utbygging av Sagstad og Grasdal skular til 97 millionar.

DEL

Totalt er altså ei utbygging av Sagstad og Grasdal skular kostnadsrekna til 97 millionar kroner, 53 millionar meir enn i den vedtekne økonomiplanen for 2016–2019. No vil politikarane setta andre investeringar på vent for å bygga ut desse skulane.

Skyvast på

I ekstramøte i formannskapet onsdag presenterte økonomisjef Per Inge Olsen kva investeringar administrasjonen meiner kan skyvast på.

LES OGSÅ: Grasdal skule har venta lenge nok: – Det er vår tur no

Andre investeringar i skulane står for dei største summane. Nytt ventilasjonsanlegg på Rossland skule og tilbygg på Meland ungdomsskule er foreslått utsett, med 10 millionar kvar. Investeringar i digitale tavler, berbare pc-ar til elevane og opprusting av uteområde vert og foreslått sett på vent, i tillegg til mindre investeringar i teknisk sektor.

28,2 millionar

Totalt vert det fremma forslag om å utsetta investeringar for 24,8 millionar, og auka investeringsbudsjettet med 28,2 millionar for å dekka inn skuleutbygginga.

LES OGSÅ: Samstemt formannskap: – Sagstad og Grasdal skal byggast ut

– Dette vil gje ein årleg auke i renter og avdrag på 1,4 millionar, seier Olsen. I tillegg kjem auka utgifter til drift av det nye arealet på skulane., kostnadsreknar til 2 millionar kroner.

– Med dette har vi brukt opp heile det økonomiske handlingsrommet i langtidsbudsjettperioden, seier økonomisjefen.

– Snikra sjølv

Rådmannen konkluderte i sitt framlegg at tilrådinga om å bygga ut Sagstad først og avlasta Grasdal med modulbygg står ved lag.

– Det kunne vore greitt å ha hatt ei alternativ innstilling i bordet der ein legg til grunn formannskapet si bestilling for utbygging, kommenterer ordførar Nils Marton Aadland i møtet.

– Då må vi snikra den sjølv då, seier Sølvi Knudsen (Sp).

LES OGSÅ: Denne vegen deler Meland: – Eg håpar kvar dag det ikkje skal skje noko

Politikarane tok deretter pause i møtet, der dei kom fram til eit felles framlegg til vedtak om å gå for utbygging som planlagd for begge skulane, auka investeringsramma og legga andre investeringar på vent fram til budsjettet for 2016 er vedteke.

Eit samrøystes formannskap gjekk inn for framlegget, som skal handsamast i kommunestyret neste onsdag.

Artikkeltags