Samstemt formannskap: – Sagstad og Grasdal skal byggast ut

FULLT HUS: Elevar, rektor og lærarar frå Grasdal skule møtte opp på formannskapsmøtet onsdag.

FULLT HUS: Elevar, rektor og lærarar frå Grasdal skule møtte opp på formannskapsmøtet onsdag. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Det skal ikkje takast eit spadetak på Sagstad før det vert utbygging på Grasdal.

DEL

Det seier Sølvi Knudsen (Sp) i formannskapsmøtet i Meland onsdag. Som kjend har politikarane i Meland tidlegare gått inn for utbygging av både Sagstad og Grasdal skule, men forprosjektet som no er gjort viser betydeleg høgare kostnader enn først berekna.

LES OGSÅ: Grasdal skule har venta lenge nok: – Det er vår tur no

På bakgrunn av dette gjekk rådmannen inn for å bygga ut Sagstad skule, og gå fir mellombelse løysingar for Grasdal.

–Heilt nødvendig

– Då papira kom var eg mindre nøgd, for å seia det mildt, eg forstod ikkje rådmannen si prioritering. Sp er tydeleg på at får vi ikkje til begge, så skal vi prioritera Grasdal, seier Knudsen.

– Får vi til å bygga ut begge er det berre bra. Å få gjort noko her er heilt nødvendig for å få likt grunnlag for undervisning i skulane i kommunen, seier ho.

LES OGSÅ: Bygger ut Grasdal og Sagstad skule

Rolf Hansen (Ap) deler uroa til rådmannen for det store låneopptaket og avdraga.

– 97 millionar i låneopptak er mykje pengar for ein kommune med ein totalramme på 400 millionar kroner.

– Frysa kyrkjetomt

– Mitt framlegg er å frysa pengane som går til kyrkjetomt, og dra inn i budsjettet midlar som vert avsett til fond, seier Hansen.

– Eg går ut frå at rådmannen har sett mykje på tala, og er uroa for avdraga. Det er eg òg, men vi skal ha ein verdig kvardag for lærarar og elevar, seier han.

LES OGSÅ: Skulestart: – Er redd for at borna skal stå åleine i friminutta

Sigmund Larsen (Frp) seier ein må sjå på alle planlagde investeringar.

– Vi må sjå på alle investeringar framover for å prioritera rett. Har vi sagt ja her, må vi følga opp på ein god måte, men det må finansierast, vi kan ikkje ha ønsketenking, seier han.

Samrøystes

Resultatet av formannskapsmøtet onsdag vart ei samrøystes bestilling til rådmannen om å legga fram ny sak i ekstramøte 2. september, med utgangspunkt i at Grasdal og Sagstad skular skal byggast ut i samsvar med tidlegare vedtatt tidsplan og utarbeidd forprosjekt for dei to skulane.

LES OGSÅ: Nynorsken tapar: Meland brukar 15 millionar i året på bokmålsklassar

Rådmannen blir beden om å presentere moglege tiltak som kan redusere investeringskostnadane for dei to prosjekta, og å legga fram ei samla økonomisk konsekvensutgreiing for dei to skuleutbyggingane, og oversikt over andre investeringsprosjekt som kan utsettast.

Artikkeltags