Grasdal skule har venta lenge nok: – Det er vår tur no

LÆRERIKT: Rektor Irene Hystad Hugaas og elevar frå elevrådet på Grasdal skule var tilhøyrarar under formannskapsmøtet. Elevane fekk eit lærerikt innblikk i korleis lokaldemokratiet utartar seg.

LÆRERIKT: Rektor Irene Hystad Hugaas og elevar frå elevrådet på Grasdal skule var tilhøyrarar under formannskapsmøtet. Elevane fekk eit lærerikt innblikk i korleis lokaldemokratiet utartar seg. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Tilhøva er kritiske alt no, og har vore det i fire år.

DEL

Det seier rektor Irene Hystad Hugaas på Grasdal skule. Ho er glad for at politikarane ser korleis tilhøva er på skulen.

LES OGSÅ: Samstemt formannskap: – Sagstad og Grasdal skal byggast ut

– Eg er glad for det vedtaket dei no har komme fram til, eg håpte jo på det. Eg ser veldig klart utfordringane med så store investeringar. Vi ønsker at begge skulane skal byggast ut, men veit det er ei utfordring for administrasjonen, seier ho.

– Eg er glad for at det er politikarar som seiar at om det må prioriterast, så skal Grasdal skule byggast ut først, vi meiner at det er vår tur no, seier Hugaas.

– Vi har venta veldig lenge på utbygging, tilhøva er kritiske alt no og har vore det i fire år, eg er glad for at politikarane ser det, seier rektoren på Grasdal.

Artikkeltags