Austrheim-elevar på 4.plass i nasjonal konkurranse: – Fantastisk kjekt

Møtte Austrheim-elevar: Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) fekk møte elevar frå Austrheim vidaregåande skule under den nasjonale sjømatkonkurransen i Stjørdal. Daniel Frantzen (16), Henrik Fonnes (17), Emilie Gjerde (16) og Simeon Dencker (17) representerte laget frå Austrheim Vgs.

Møtte Austrheim-elevar: Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) fekk møte elevar frå Austrheim vidaregåande skule under den nasjonale sjømatkonkurransen i Stjørdal. Daniel Frantzen (16), Henrik Fonnes (17), Emilie Gjerde (16) og Simeon Dencker (17) representerte laget frå Austrheim Vgs. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Dette var fantastisk kjekt og lærerikt, og dessutan svært morosamt. Me er glade for ha vore med på dette, seier Emilie Lundal Gjerde (16), som var ein av deltakarane på laget frå Austrheim.

DEL

Laget frå Austrheim Vgs kom på 4. plass i den nasjonale konkurransen «Ringer av vann – Sjømat for fremtiden» med eit spennande prosjekt som såg på moglege koblingar mellom oppdrettsnæringa og turisme. Laget representerte Hordaland etter å ha vunne fylkeskonkurransen.

– Dette var fantastisk kjekt og lærerikt, og dessutan svært morosamt. Me er glade for ha vore med på dette, seier Emilie Lundal Gjerde (16), som var ein av deltakarane på laget frå Austrheim.

I konkurransen deltok totalt om lag 3000 elevar frå heile landet på ulike oppfinnarcampar, medan 20 lag gjekk vidare til finalen i Stjørdal 16-18. januar.

Møte med ministeren

I konkurransen fekk deltakarane først høve til å presentere prosjektet sitt frå fylkesfinalen for mellom andre fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Elevane skulle då lage eit produkt som fører til at færre fisk rømmer frå norske oppdrettsanlegg, og laget frå Austrheim kom opp med ideen om ein ny type lukka oppdrettsanlegg forma som ein donut.

– Fiskeriminister Per Sandberg sa det var ein spennande idé me kom opp med, og det var absolutt kult å møte han, seier Henrik Fonnes (17), som også var med på laget frå Austrheim.

Oppdrett og turisme

Fiskeriministeren presenterte finaleoppgåva som gjekk ut på korleis ein kunne betre omdømet for norsk sjømatnæring. Her var Austrheim-elevane sitt svar eit konsept som såg nærare på moglegheiter knytt til koblinga mellom oppdrettsnæringa og turisme.

– Vårt utgangspunkt for denne ideen var ikkje å skape noko heilt nytt, men heller å sjå på kva moglegheiter som ligg i ei tettare kobling mellom to eksisterande næringar, forklarar Simeon Dencker (17), frå Austrheim-laget.

– Tanken bak var då å bruke turisme til å spreie kunnskap om oppdrettsnæringa og norsk sjømat. Med meir turisme til kysten av Noreg, der me har mykje fiskeoppdrett, og fokus på laks som lokalmat, vil ein kunne skape auka interesse for norsk laks, slik at turistane også vil ete laks når dei kjem heim igjen. Såleis kan turisme bidra til at folk rundt om i verda vil ete meir norsk laks, fortset Dencker.

Henta inspirasjon

Eit ledd i førebuingane var også eit besøk på Skjærgårdsfisk på Marøy i Radøy kommune, som er eit av fleire utvalde visningssenter for norsk oppdrettsnæring.

– For å lukkast må det verte meir samarbeid mellom reiselivsnæring og oppdrettsnæringa om marknadsføring og opplevingar. Når det gjeld det siste kan me sjå føre oss ein havsafari i Rib-båtar, der ein både får naturopplevingar og vitjar eit visningssenter for oppdrettsnæringa, seier Fonnes.

– På dette punktet var me nok litt inspirert av besøket på Skjærgårdsfisk, der me også blei frakta rundt i Rib-båtar for å sjå på anlegget, legg Dencker til.

Coaching og lite søvn

Undervegs i arbeidsprosessen fekk elevane hjelp av ulike fagfolk som er ekspertar på sjømat, kommunikasjon og kreative prosessar.

– Spesielt nyttig var det å få gode tips til presentasjonsteknikkar, men også sjømatekspertane var til stor hjelp med sine innvendingar mot ideane våre, seier Gjerde, som var einaste jente på Austrheim-laget i konkurransen i Stjørdal.

Det var intensiv jobbing og lite søvn på elevane dei tre dagane dei var i Stjørdal.

– Me hadde stort pågangsmot, jobba bra som gruppe til langt på natt og hadde fine diskusjonar. Det var også kjekt sosialt både med kvarandre og med folk frå andre delar av landet, seier Gjerde.

Nøgde lærarar

Austrheim Vgs er strålande nøgde med den flotte innsatsen til elevane.

– Elevane var fantastiske frå kl. 5 om morgonen måndagen til dei kom heim om kvelden på onsdagen. Dei stod på og hadde ein lang prosess før dei kom på den gode og spennande ideen dei løyste oppgåve med. Undervegs viste dei soldid innsats og stort pågangsmot, seier matte- og naturfaglærar Jørund Tveiterås, som var med elevane til Stjørdal.

Tilbake på skulen har elevane også presentert prosjektet sitt for dei andre elevane og lærarane. Elevane på Austrheim-laget er samstemde i at dei har vorte mykje meir interesserte i sjømatnæringa, men dei er usikre på om dette er noko dei vil arbeide med i framtida.

Artikkeltags