Gå til sidens hovedinnhold

Skrinlegg planane om vindkraft utanfor Fedje

Innspelet om vindturbinane er oppsiktsvekkande og absurd, meiner Jan Nordø.

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Fedje er i vinden. Marknaden får ikkje nok av ginen frå Feddie Ocean Distillery med gullmedalje frå London. Bak står tre driftige damer med tunge kvinnelege aksjonærar i ryggen. Dei same damene vil bygga eit spektakulært hotell på bergnabbane ut mot storhavet nordvest på Fedje. Med på laget er stjernearkitekt Todd Saunders. I BT 14.05.21 skryt Saunders uhemma av «unik naturopplevelse» frå hotellet.

Men Fedje er i vinden også bokstavleg. I Strilen 12.02.20 lanserer rådmann Gjermund Hagesæter og ordførar Stian Herøy opp til 25 sokkelfaste vindturbinar i sjøområdet nordvestover mot fyret og landemerket Holmengrå. Konstruksjonane vil reisa seg i havet utanfor det planlagde hotellet.

Vi kan risikera vingespissar som roterer 200 meter over havoverflata, meir enn seks gongar høgare enn det staselege Hellisøy fyr. No har kommunen vidareført prosjektet som innspel til interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland. Vindkraft i fjøresteinane kan bli ein realitet.

Innspelet er oppsiktsvekkande og absurd. Har politikarane på Fedje lukta litt for mykje på ginen? Kor mange hestar skal fedjingane ri før dei forskrevar seg? For dette er galmannsverk og lite edrueleg.

Grunnane nord for Fedje med holmar og skjer utover mot Holmengrå høyrer til eit av dei mest attraktive, men òg sårbare natur- og friområda på Vestlandet. Fedje er innflygingsområde for store mengder trekkfugl. Innarsøyane like ved Holmengrå har naturvernstatus. Sjøområda er av Miljødirektoratet registrert med enorme tareskogførekomstar; eit viktig oppvekstområde for fisk og andre sjødyr og stort karbonlager.

Vindturbinar i sjøområda frå Øygarden til Solund vil vera særleg utsette for samanstøyt med skip. Talet på skipsbevegelsar er høgt. Målt i tonnasje er området i særklasse i Noreg. Store mengder oljeprodukt blir skipa inn og ut frå Sture og Mongstad. Spesielt tekniske uhell der skip kjem i drift, kan bli katastrofalt. I snitt er det skip i ukontrollert drift årleg i området ved Fedje.

Skjergarden nord for Fedje blei saman med Øyane i Austrheim og Vassøyna i Gulen i si tid vurdert for nasjonalparkstatus. Diverre fekk berre mindre delar landskapsvern. Direktoratet for naturforvaltning understreka likevel at kommunane skulle ta særlege omsyn til naturmiljøet i heile området.

I framlegg til Nasjonal ramme for vindkraft i 2019 vart Fedje ekskludert som analyseområde for vindkraft. Sjølv om vindtilhøva er gode, blei konfliktpotensialet av NVE vurdert som for stort.

Kommunen har tidlegare sagt nei til fire vindturbinar mellom Hellisøy fyr og Fedjemyrane landskapsvernområde. Mellom argumenta var omsynet til trekkfugl, landskap og friluftsliv, argument som er gyldige også for sjøområda nord for Fedje.

Difor, kjære fedjingar. Skrinlegg planane om vindkraft. Sats heller på dei kvinnelege gründerane som vil lokka folk til øya med gin, whisky og spektakulære naturopplevingar frå eit hotell på lyngrabbane heilt ute i storhavet. Eg lovar at eg blir ein av dei første som booker meg inn, gjerne nippande til ein gin & tonic frå Feddie Destillery. Men berre på eit rom utan vindturbinar flimrande i solnedgangen over Nordsjøen.

Kommentarer til denne saken