Satsar på tømmerfrakting

TØMMERFRAKT: Vi er veldig positive til den nye satsinga, seier Tore Myklebusthaug. arkivfoto

TØMMERFRAKT: Vi er veldig positive til den nye satsinga, seier Tore Myklebusthaug. arkivfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

AUSTRHEIM: Fonnes-reiarlaget Myklebust Management setter inn tre nye skip som skal brukast til tømmerfrakting i Norge og Europa.

DEL

Reiarlaget Myklebusthaug Management, som held til på Fonnes i Austrheim kommune, utvidar no drifta og satsar på sjøtransport av tømmer. Selskapet driv i dag med 16 skip og kring 200 tilsette.

– Vi er veldig positive til den nye satsinga. Vi får inn tre nye båtar og vi har trua på at dette skal gå riktig veg, fortel Tore Myklebusthaug som er leiar i Myklebusthaug Managment. No tek firmaet over driftsansvaret til skipa M/S Ingvill og M/S Heidi som er eigd av Storesletten Rederi. I tillegg til nyinnkjøpte M/S Grinna vert dette den nye tømmerflåten til Fonnes-reiarlaget.

Marknad for tømmer

– Det er marknad for tømmerfrakting og eg er glad vi fekk moglegheita til å drifte skipa til Storesletten Rederi. Vi har tre nye båtar som vil halde store tømmervolum. Eg trur absolutt dette vert lønnsamt, seier Myklebusthaug. Karmøy-reiarlaget Storesletten har trøbla med dårleg økonomi og vart i fjor haust slått konkurs. No overtek Myklebusthaug over drifta til to av skipa som Storesletten har brukt til tømmerfrakting.

Norge og Europa

– Skipa skal gå langs norskekysten. Dei skal først gå til Mørekysten og deretter sørover til Rogaland, fortel Myklebusthaug. Etter planen skal reiarlaget ta over dei gamle rutene til Storesletten. Det betyr frakt til både Norge og Europa.

– I tillegg til å gå langs vestlandskysten så skal skipa gå vidare i Europa. Det vert hovudsakleg til Tyskland, seier Myklebusthaug.

6000 kubikkmeter

– Det vil bli mykje tømmervolum med dei tre skipa, fortel Myklebusthaug. M/S Grinna er juvelen i den nye satsinga og firmaets eige innkjøpte skip som skal brukast til tømmerfrakting saman med M/S Heidi og M/S Ingvill. Det 116 meter lange skipet er bygd i Tyskland og har ein lastekapasitet på omtrent 6000 kubikkmeter med tømmer.

– Vi skal i tillegg montere ei ny lastekran på båten. Den vil auka lossekapasiteten og effektivisera lossing og lasting, seier Myklebusthaug.

Artikkeltags