Gå til sidens hovedinnhold

Songa-rigg ligg arbeidslaus i Gulen

Artikkelen er over 5 år gammel

Statoil avslutta lukrativ kontrakt. Leitar no etter nye boreoppdrag.

Fire månader før kontrakta gjekk ut, bestemte Statoil seg for å avslutta kontrakten med Songa Trym.

Petro.no skriv at Statoil har suspendert riggen, og prøvde å finna nye oppdrag til den fram til kontrakta gjekk ut i mars.

– Statoil har hatt et håp om ekstra aktivitet i den gjenværende kontraktsperioden, men ser nå at det rette vil være å kansellere, da vi ikke har lyktes å finne ytterligere oppdrag, sier Tore Aarreberg, leder for rigganskaffelser i Statoil til nettstaden.

LES OGSÅ: Her er den fyrste av Songa sine superriggar i Fensfjorden

Petro.no skriv at riggen frå midten av november av skulle ligga i såkalla varmt opplag, med tryggleiksbemanning om bord, fram til den fekk nye oppdrag. For det skulle Songa få 283.000 dollar i døgnet (2,4 millionar kroner).

Riggen ligg no i opplag i Skipavika i påvente av nye oppdrag. Kor lenge den vert liggande er førebels ukjent.

Som avisa Nordhordland skreiv i slutten av oktober hadde Songa slutta å ta inn nye folk. Dette til trass for at dei får fire nye riggar dei neste månadane. Opphaveleg skulle dei tilsetja 120 personar i månaden dei neste ni månadane. Men etter å ha tilsett 700 personar, sette dei ein stopp for heile prosessen, nettopp på grunn av usikkerheit rundt den framtidige arbeidssituasjonen til dei tre gamle riggane dei alt har i drift.

– Sidan me førebels ikkje har kontraktar på dei gamle riggane, vil me flytta folk over frå dei til dei nye, sa Irene Rye Skrugstad, Head of Organizational Development i selskapet på ein konferanse i Knarvik i slutten av oktober.

LES OGSÅ: Songa skal tilsetja 120 personar i månaden dei neste ni månadane

– Me planlegg for det verste, men håpar på det beste, la ho til.

 

Den fyrste av dei fire super-riggane til Songa, Songa Equinox kom til Fensfjorden i slutten av oktober for testing og klargjering for oppdrag.

Riggen er den fyrste av fire såkalla kategori-D-riggar. Kvar rigg har ein kontrakt på åtte år, med tre opsjonar på fire år kvar.

Alle fire riggane skal til Fensfjorden for testing, og den siste vert overtatt frå verftet i løpet av fyrste kvartal 2016.

Kommentarer til denne saken