Strålande sol og god stemning

NORDHORDLANDSMEISTER: Julie Øvretveit og Magnus Johan Færø var dei raskaste rundt løypa, og kunne dermed smykka seg med tittelen Nordhordlandsmeister. Foto: Morten Sæle

NORDHORDLANDSMEISTER: Julie Øvretveit og Magnus Johan Færø var dei raskaste rundt løypa, og kunne dermed smykka seg med tittelen Nordhordlandsmeister. Foto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

LINDÅS: Sjølv om sukkerføre gjorde løypa tung å gå strålte skiløparane om kapp med sola på Gamlesetra.

DEL

Familien Torsvik Størkersen var blant dei mange som hadde funne vegen til Gamlesetra for å gå skirenn. Dei tre søskena Bjørnar, Steinar og Synnøve går kjem frå Haugsdal, og går for Risnes IL.

– Eg har gått renn her mange gonger før. I dag var det tungt, det var masse sukker. Spesielt i oppoverbakkane var det krevjande, det gjekk trått, seier storebror Bjørnar.

Sjå stor bildeserie her:



– Det har blitt mest barmarkstrening i sesongen, det har ikkje vore så mykje snø, seier han. Bjørnar vann seg eit par Kvikklunsj-ski på startnummer. Lillesøster Synnøve var tydeleg skuffa over at det ikkje var kvikklunsj inni, men var godt nøgd med gjennomført løp og medalje rundt halsen i sitt første skirenn på tid.
Steinar merka òg det tunge føret.

– Det var litt tungt, spesielt når ein stakar heile vegen, seier han. Dei tre har ikkje så lang veg til Gamlesetra, og har gått Nordhordlandsmeisterskapen dei siste åra det har vore arrangert.

LES OGSÅ: Draumen er å få ta selfie med Petter Northug

– Dette prøver vi å få til kvart år, seier dei.
Speaker Rune Minde gjorde òg ein solid innsats i løypa.

– Eg var speaker heilt til eg skulle gå, så det vart lite med oppvarming, eg gjekk rett i mjølkesyra, fortel han.

– Men det er fint vêr og god stemning, så då får ein smaka steiken, seier han med eit smil like etter målgang.
Julie Øvretveit og Magnus Johan Færø vart dei to raskaste rundt løypa og kunne dermed smykka seg med tittelen Nordhordlandsmeister.

LES OGSÅ: Her står syriske Liloz (11) på ski for fyrste gong

– Eg har gått ein del skirenn i år, og eg likar klassisk best, fortel Julie til speaker Sellevoll under premieutdelinga.

– Det var fint i dag, men tunge forhold, seier Magnus Johan. Sjølv om sesongen nærmar seg slutten har han enno tenkt å gå nokre fleire renn.

– Det blir nokre renn til, eg skal mellom anna gå Skarverennet, fortel han.

Artikkeltags