– Viktig å skapa idrettsglede for borna

Heile søskenflokken: Sara-Rebekka Færø Linde tok med sine tre born, Frida (6), Live (3) og Ludvig (6) på Nordhordlandsmeisterskapet på Gamlesætra. ALLE FOTO: IRENE BRATTENG JENSSEN

Heile søskenflokken: Sara-Rebekka Færø Linde tok med sine tre born, Frida (6), Live (3) og Ludvig (6) på Nordhordlandsmeisterskapet på Gamlesætra. ALLE FOTO: IRENE BRATTENG JENSSEN

Artikkelen er over 3 år gammel

– For at borna skal få lyst til å fortsetta når det vert eldre, er det viktig å starta når dei er små.

DEL

Det seier Sara-Rebekka Færø Linde, som tok med sine tre born på Norhordlandsmeisterskapet på Gamlesætra søndag.

– Eg og min mann har alltid vore veldig glad i å gå på ski, så vi dreg med oss borna slik at kanskje også dei vert lika glad i det, seier Færø Linde til Avisa Nordhordland.

Trebarnsmora, som kjem frå Ostereidet, har deltatt på Norhordlandsmeisterskapet mange gangar tidlegare.

– Dette er første gong vi er her saman med borna, og det ser ut som dei storkoser seg. Her er det kjekk stemning og masse folk. Vi kjem nok att med borna neste år også, seier ho.

LES OGSÅ: Solid innsats frå liten og stor

– Eg går veldig fort

Sonen Ludvig (6) er ikkje i tvil når Avisa Nordhordland spør om kva som er mest morosamt med å vera på Norhordlands-meisterskapet.

– Det er å renna ned bakkane. Og svinga, seier han.

6-åringen fortel at han er ganske god på ski.

– Eg går veldig fort. Viss eg øver meg, kan eg læra meg å gå enda fortare, seier han.

LES OGSÅ: Her dukkar maskoten opp med ski på beina

– Vil verta som Johaug

Margit Amalie Jøsendal (15) har stått på ski sidan ho var 4 år.

– Eg har alltid vore glad i å gå på ski, og er spesielt glad i å skøyte, fortel 15-åringen frå Fosse i Lindås.

Ho har eit klart mål, og det er å verta like god som Therese Johaug.

HOTDOG-PAUSE: Endre Romarheim, Andrea (3), Nora Mathilde (6), Lukas (7) og Aron (4) koser seg i snøen.

HOTDOG-PAUSE: Endre Romarheim, Andrea (3), Nora Mathilde (6), Lukas (7) og Aron (4) koser seg i snøen.

– Ho og Marit Bjørgen er forbilda mine. Det ligg mykje trening framfor meg, skal eg verta like god som dei, seier Jøsendahl.

LES OGSÅ: Full blomstring i skisporet

Vaks opp her

Endre Romarheim har mange minner frå Norhordlands-meisterskapet. Han kjem nemleg frå Romarheim, og har deltatt på skirennet sidan han sjølv var liten gut. Søndag tok med han med familien og eigne born til Gamlesætra.

– Det er kjekt å la borna oppleva det same som eg gjorde då eg sjølv var born, seier han.

Artikkeltags