Difor MÅ du sjekka skatten i år

Fra tirsdag kan du sjekke skatten din (foreløpige tall) i den splitter nye skattemeldingen.

Fra tirsdag kan du sjekke skatten din (foreløpige tall) i den splitter nye skattemeldingen. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

4. april er dine førebelse skattetall klare. Les kvifor det er viktigare enn nokonsinne å sjekka skatten.

DEL

Sjølvmeldinga er historisk. Frå og med i år heiter det skattemelding. Mykje er det same som før, men det er éin viktig endring alle bør bita seg merke i. Du har no eit mykje større ansvar for å fylle ut riktig.

Frå tysdag 4. april kan du sjekka din skattemelding for formues- og inntektsskatt for inntektsåret 2016 via Skatteetatens heimesider eller direkte via altinn.no. Her finn dei fleste førebelse tal på kva dei får igjen eller må betala i restskatt.

– Skattemeldinga erstattar den tidlegare gjeldande sjølvmeldinga, men det er ikkje berre namnet som er nytt. Både endringsmoglegheitene, fristane, sanksjonsapparat og ikkje minst skjerpa ansvar for korrekt rapportering, er også nytt, seier advokat i Regnskap Norge Per-Ole Hegdahl til Nettavisen.

Mens skatteetaten tidlegare «likna» – med andre ord vurderte dei faktiske opplysningane og tal og gjorde ei skatteberekning basert på dette – legg det nye systemet opp til at skattytar må «sjølv-deklarere».

– Det inneber at du som skattytar sjølv må vurdera faktum opp mot gjeldande skattereglar, og ut frå dette sjekka at alle skattepliktige inntekter og formue er korrekt registrert i skattemeldinga. Opplysningane sjølvdeklareras gjennom skattemeldinga og skatteberekninga skjer automatisk, seier Hegdahl.

Les også: Bli ferdig på ein halvtime!

Nytt og utvida ansvar

Eit eksempel illustrerer det utvida ansvar du har i årets skattemelding samanlikna med våre tidlegare sjølvmeldingar.

Dersom du tidlegare kjøpte og selde ein bustad etter å ha budd der i eitt år, kunne du opplysa om kjøpesum, salsverdi, oppussingskostnader og andre utgifter og be om at skatteetaten berekna ei eventuell skattepliktig gevinst.

I det nye sjølvdeklareringssystemet må du sjølv setta deg inn i skattereglane for kjøp og sal av bustad for å forstå om salet har skattemessige konsekvensar. Deretter må skattytar rekna med skattepliktig gevinst eller tap for så å sjølv-deklarere gevinsten eller tapet slik at skattlegginga gjennomførast på korrekt måte. Det same gjeld for kjøp og sal av aksjar, andre verdipapir og alle andre skattepliktige inntekter og formue.

– Skattereglane er med andre ord dei same, men ansvaret for at skattemeldinga er korrekt er i større grad flytta over på skattytar ved at skattytar no må sjølvdeklarere, seier Hegdahl.

Les også: Snart kan du sjekke skatten din

Sjekk nøye

Om du lever i den tru at alle rapporteringspliktige alltid sender inn korrekte opplysningar, og at skatteetaten og deira system i tillegg klarar å ta imot og registrere opplysningane på rett stad, da tek du feil.

– Også skatteetaten gjør feil, det har vi erfaringar med. Og det er ingenting nytt, men på sin plass å gjenta; det er menneskeleg å feile. Dette er viktigaste grunn til å sjekke skattemeldinga nøye. Husk at dersom det er feil i skattemeldinga, og dette er feil som du kunne ha oppdaga ved ein gjennomgang av opplysningane, så kan mangelen og medføra at du vert ilagt tilleggsskatt. Beløpa kan bli betydelege dersom du er riktig uheldig, åtvarar Hegdahl.

Nå er det snart tid for selvangivelsen igjen.

Nå er det snart tid for selvangivelsen igjen. Foto:

Dette er en ypperlig anledning til å sjekke egen økonomi.

PER-OLE HEGDAHL, ADVOKAT I REGNSKAP NORGE

Mange steller seg passivt til skattemeldinga, og tek for gitt at arbeidsgjevarar, bankar, barnehagar, foreiningar, boligsamege og andre rapporteringspliktige, alle rapporterer korrekte opplysningar.

– Særleg dei som får pengar igjen på skatteoppgjeret har ein tendens til å jubla over tilgodehavande utan å sjekka opplysningane nærare.

Les også: Sjekk nøye – unngå tap

Leveringsfrist 30 april

– Kva gjør ein om ein oppdagar feil etter levering?

– Du har frist fram til 30. april med å korrigere skattemeldinga. I tillegg kan du frå og med i år gjere rettingar i opp til tre år rekna frå 30. april. Har du til dømes gløymt å sjølv-deklarere inntekter eller formue treng du med andre ord ikkje å klaga til skatteetaten lenger, då kan du berre gå inn i skattemeldinga å gjera endringane, forklarar Hegdahl.

Men merk at dersom skatteetaten finn at du har utelate noko eller oppgitt for lite i inntekt eller formue, vil ein kontroll igangsett av skatteetaten normalt medføre sanksjonar i form av tilleggsskatt. Det er difor viktig å sjølv-deklarere alle inntekter og formue før 30. april i år. Endring av skattemeldinga etter 30. april og seinast innan tre år bør berre skje dersom du kjem på at noko er gløymt.

Sjekka egen økonomi

Skattemeldinga inneheld ei oversikt over alle de nemnde personars inntekter, frådrag, formue og gjeld for siste inntektsår (2016).

– En annan god grunn til å sjekke skattemeldinga er at dette er ein ypparleg anledning til å sjekka eigen økonomi. Korleis er gjeldssituasjonen din, kva har du betalt i renter, treng du å spara til investeringar som er nødvendig fram i tid, vil du kunne halde oppe dagens levemønster som pensjonist? Alle desse spørsmåla er det fornuftig å bruka litt tid på samtidig som du kontrollerer at skattemeldinga er korrekt.

– Ei oppmoding til alle skattytarar må difor vera: Bruk tid på kontroll av skattemeldinga og sjekk også at all kontaktinformasjon er korrekt. Og husk, det kan både skje systemfeil og menneskelege feil, så grundig kontroll av skattemeldinga kan vera økonomisk fornuftig og samtidig spara deg for tilleggsskatt i ettertid, seier Per-Ole Hegdahl. (ANB)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken