Laksekongen Braanaas suverent rikast

RIKAST: Fiskeoppdrettar Ola Braanaas frå Gulen er rikast i regionen. Sjekk kven som tener best i din kommune under.

RIKAST: Fiskeoppdrettar Ola Braanaas frå Gulen er rikast i regionen. Sjekk kven som tener best i din kommune under. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Skattelistene for 2015 er klare - sjå kven som er rikast i din kommune.

DEL

Oppdrettsgründar Ola Braanaas er rikast i regionen. Femtifireåringen er frå Hamar, men er bussett på Svinøya i Gulen kommune. Han er sjef for Firda Seafood, Firda settefisk og Firda settefisk Alvøen, som ifølgje Firda omsette for over 140 millionar kroner i fjor.

Hans personlege formue er på vel 580 millionar. I fjor tok han ut meir enn 27 millionar i inntekt.

Nedst i denne saka kan du søke opp inntekt, formue og skatt for din kommune, både frå 2015 og kvart år tilbake til 2011.

Ståløy på toppen i Nordhordland

Også Olav Leiv Ståløy (74) frå Radøy har sikra seg godt. Han er rikast i Nordhordland med ein formue på 217 millionar kroner. Ståløy er hovudeigar av RadøyGruppen AS, produsent av stålkonstruksjon.

Også rike kvinner

Sjølv om menn toppar rikinglistene, er det èi kvinne å finne: Torill Hermansen Horgen (62) i Fedje kommune, med 10,9 millionar i formue.

Dette er dei rikaste i kvar kommune:

  • Lindås: Øystein Hope (1964) med 53 millionar i formue
  • Meland: Terje Larsen (1948) med 44,8 millionar i formue
  • Radøy: Olav Leiv Ståløy (1942) med 217 millionar i formue
  • Austrheim: Arnt Severin Brantun (1940) med 112,8 millionar i formue
  • Fedje: Torill Hermansen Horgen (1954) med 10,9 millionar i formue
  • Gulen: Ole Braanaas (1962) med 580 millionar i formue
  • Modalen: Einar Sofienlund (1958) med 9,7 millionar i formue

Sjekk ut inntektstoppen i din kommune! Til høgre i tabellen kan du sjølv velje kva slags kommune du ønskjer å sjå på. Tal frå 2011-2015 er tilgjengeleg, medan du også fritt kan velje mellom å sjå inntekt, formue og skatt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken