Det melder Statens vegvesen onsdag føremiddag.

– På E39 ved Hylkje skal vi rive eksisterande rekkverk og montere nytt, står det i ei pressemelding frå vegvesenet.

Arbeidet vil gå føre seg mellom klokka 21:00 på kvelden og 06:00 på morgonen. Kvar kveld og natt frå og med onsdag, til og med laurdag kveld.

– Det blir manuell trafikkdirigering. Vi beklagar ulempene dette medfører, skriv vegvesenet.

Kontrollingeniør Franz Javier Irala Peducassé seier i pressemeldinga at utskiftinga er eit trafikktryggingstiltak.

– Vi gjer stadig tiltak ute på vegen for å betre tryggleiken for trafikantane. Gode rekkverk er ein viktig del av det. Vår nullvisjon for drepne og hardt skadde er målet, og ulykkestala så langt i år viser at det er naudsynt å halde trykket oppe på trafikksikkerheitsarbeidet.