Måndag 24. oktober startar arbeidet med å pusse opp venterommet til legekontoret på Fedje.

Kommunedirektør Berit Karin Rystad fortel at det i utgangspunktet berre var planlagd å skifte inngangsdør for at ein enklare skulle komme seg inn på venterommet.

– Det har vore eit problem at eldre folk ikkje får opna døra, fordi det har vore ei vanleg dør som ein må trekke ut. Då må ein gjerne ha litt kraft i hendene, og kjem ein med rullator er ikkje det så lett å få til.

Etter å ha gjort ei grundig vurdering, kom kommunen fram til at dei like så godt kunne pusse opp heile lokalet. Det betyr ny skyvedør, nytt golv, og oppussing av tak og vegger i inngangspartiet og på venterommet. Også toalettet skal pussast opp.

Universell utforming

– Stikkordet er universell utforming. No kjem det skyvedører som går opp av seg sjølv, og det blir mykje lettare for alle å komme seg inn, seier kommunedirektøren.

For berre utskifting av døra vart det sett av 200.000 kroner. No kjem kostnadane opp i det dobbelte, fortel Rystad.

– Vi kunne sikkert klart oss med det vi hadde, men når vi har fått eit så flott legetilbod, så er det eit problem å ikkje skulle ha universell utforming.

Tidlegare dette året tredde den nye legevaktordninga i kraft på øya. Med fire legar i turnusordning blir det lege tilgjengeleg heile døgnet, heile året.

– Eg vil berre skryte av tenesta, den er heilt fantastisk. No har vi Rolls-Royce-versjonen av ei legeteneste, og då må resten stå litt i stil til det, seier Rystad lattermildt.

Mellombels løysing på helsestasjonen

Arbeidet vil halde fram i eit par veker framover, og skal så langt som mogeleg ikkje påverke opningstida.

Ein vil likevel legge merke til at det går føre seg arbeid på sjukeheimen, informerer Fedje kommune.

Rystad fortel at dei skal lage til ei mellombels løysing på helsestasjonen for dei som skal til legen medan oppussinga held på.

– Vi har eit kontor der som vert brukt for barn, så vi skal få det til praktisk. Men det er berre snakk om eit par veker med arbeid, så er venterommet klart.