Gå til sidens hovedinnhold

Sju nye koronatilfelle i påska: Førebels ikkje aktuelt med lokale tiltak

Alver kommune melder tysdag om sju nye koronatilfelle i påska. 

– Dei muterte virusvariantane som er i samfunnet no, er svært smittsame, opplyser kommuneoverlege i Alver kommune, Terese Folgerø i ei pressemelding.

Ho fortel at kommunen går breitt ut når dei kartlegg og testar nærkontaktar.

– De er viktig at folk har låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlegen.

Det blei først meldt om fire smitta 31. mars. Fredag 2. april blei det meldt om to tilfelle, og det siste blei registrert på søndag.

Ventar på fleire svar

I pressemeldinga kjem det fram at fire av dei sju tilfella, er «nye» tilfelle. Dei er ikkje knytt til tidlegare, påviste tilfelle i kommunen.

Kommunen ventar på fleire svar knytt til desse fire tilfella. Det er førebels ikkje aktuelt å innføre lokale tiltak.

– Om vi held oss mest mogeleg heime, og har minst mogeleg kontakt med andre, får viruset færre mogelegheiter til å spreie seg. Vi bør alle saman oppføre oss som om vi har viruset og kan smitte andre, seier kommuneoverlegen.

Kommentarer til denne saken