Søndag vart sju nye personar bekrefta smitta med korona i Alver.

Alle dei sju skal vere knytte til arbeidsinnvandring, melder kommunen i ei pressemelding.

I oktober var det 23 smittetilfelle i kommunen. Totalt har 59 personar no blitt bekrefta smitta i Alver sidan mars.