Sjølv om dei fekk 86.000 kroner var det ikkje nok til å dekke den enorme prisauken
Tidlegare i haust starta Helene Tvedt ein spleis for å redde Matkroken på Hjelmås frå enorme straumrekningar. Men ho hadde aldri venta at det skulle kome inn 80.500 kroner. Likevel: Det er nok til at dei kjem seg gjennom ein usikker vinter.