Sjokktal om dieselbilar: – Dette er stikk i strid med kva alle trudde

STORE ENDRINGAR: Stadig fleire søkjer aktivt etter dieselbilar på Finn.no. Foto: Berit Roald (NTB Scanpix)
Tal frå Finn.no viser at fleire vil ha dieselbilar enn før. Elbileigarar får gjennomgå i form av lengre salstid og store priskutt.
(Nettavisen): – Dette er stikk i strid med kva alle trudde. Vi snakka om dette som verst tenkeleg utfall når ein kutta ut ein del av insentiva på elbilar, men dette har gått fortare enn nokon har trudd, seier Magnus Frøshaug Ryhjell, forretningsutviklar på Finn motor til Nettavisen.
Han seier at då elbilane begynte å komme på bruktbilmarknaden meinte mange bilekspertar at framtidas kjøparar berre ville ha elbil.
– Dette var ein spådom svært få turde å setje seg imot på det tidspunktet. Men tala våre frå 2019 viser ganske tydeleg at dei som dømte dieselbilen "nedanom og heim" tok veldig feil, seier han.
Store forskjellar
Det viser tala frå Finn tydeleg.
– Elbilane har altså blitt mindre populære, seier Ryhjell.
Må seljast billegare
Han seier at i tillegg ser ein at forhandlarane må «blø» meir for å få selt ein elbil enn dei må for ein med dieselmotor.
– Den gjennomsnittlege prisreduksjonen på ein dieselbil på Finn har falle med 25 prosent frå første halvår til andre halvår og prisreduksjonen er i snitt 47 prosent lågare på ein dieselbil enn på ein elbil. Elbilens priskutt er også aukande, seier Ryhjell.
Ryhjell meiner at lågare insentiv og dårleg utval er hovudgrunnen til det overraskande skiftet i bruktbilmarknaden.
– Vi ser at mange elbilinsentiv, som gratis parkering, gradvis blir tatt vekk. Samtidig ser nok mange familiar at det er vanskeleg å finne ein elbil som passar for deira behov. Har du fire barn, så treng du ein Tesla Model X. Har du råd til å køyre miljøvenleg? Mange vil nok tenke at dei ikkje har det, seier han.
Fleire forklaringar
Unni Berge, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Elbilforeningen, meiner det kan vere fleire forklaringar til nedgangen i bruktbilmarknaden.
– Vi ser at det er mindre ventelister og prisfall på nye elbilar, så det kan nok forklare noko av effekten. Det er òg mange brukte dieselbilar som kjem inn på marknaden no, seier ho til Nettavisen.
Ho trur òg bortfall av enkelte elbilfordelar kan ha noko å seie.
– Det er klart at innføring av bompengar og parkeringsavgifter og den typen ting vil ha ein påverknad. Samtidig trur eg at nokon undervurderer kor gunstig det framleis er å ha elbil, og på parkering og slike ting. Samtidig skaper det jo usikkerheit når ein heie tida diskuterer elbilfordelane, seier Berge.
Ho er likevel ikkje bekymra for at overgangen til elbilar skal bli eit alvorleg hinder.
– Vi ser at dei som først veljer elbil er svært fornøgd og ikkje vil tilbake, seier ho.
Kommentarer til denne saken