Imponerande spel i jente-NM

Djup konsentrasjon: Inne i hovudsalen herskar det djup konsentrasjon over dei kvite og svarte brikkene.Alle foto: Morten Sæle

Djup konsentrasjon: Inne i hovudsalen herskar det djup konsentrasjon over dei kvite og svarte brikkene.Alle foto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

MASFJORDEN: Over 40 jenter frå heile landet stilte til sjakk-NM for jenter på Masfjordnes i helga.

DEL

Ute skin sola over kvite Masfjordfjell, inne i salen herskar det ro og djup konsentrasjon over kvite og svarte brikker. Godt over hundre spelarar var i aksjon i ulike turneringar under sjakkfestivalen på Sandnes skule i helga,
– Eg er veldig imponert over jentene, seier turneringsleiar Tom Eriksen, som dømmer eit jente-NM for første gong.
– Det har vore ein travel men veldig hyggeleg helg. Dei er veldig aktive, og spelar kompromisslaust, det går igjen i alle parti, seier han.

LES OGSÅ: Siste skotet vart avgjerande: Spanande til siste slutt

Deltakarane kjem frå heile landet, dei som hadde lengst reiseveg kom heilt frå Alta for å kjempa om gjeve titlar på Masfjordnes.
 

Lang tur

– Det var ein lang tur, men det er veldig kjekt å vera her, seier Sofie Ratama og Mursal Norani frå Alta og Anne-Johanna Hartvigsen frå Tromsø. Sju spelarar og nokre foreldre tok turen frå nord.
– Eg var med i jente-NM i Alta i fjor, difor ville eg vera med i år òg, seier Sofie. Ho har spelt sjakk i to år, og enda på andreplass i klassen for mikroputtar. Mursal har spelt sjakk i tre-fire år, og møtte sterk motstand i si klasse.

LES OGSÅ: Jenter med mange talent

– Første runde vann eg på walkover, men i dei neste rundane tapte eg mot spelarar som har spelt sjakk veldig lenge, seier ho, og legg til at ho klarte å dra i land ein siger i turneringa.
 

Tett i toppen

I tillegg til jente-NM vart det også arrangert Masfjorden Grand Prix (GP) og Masfjorden Barnas GP. I barneklassen herska det ikkje like stor ro og konsentrasjon som i hovudsalen, men sjakkgleda og entusiasmen var det ingenting å utsetta på. I klassen for lilleputtar måtte det omkamp til for å fordela dei tre gjævaste pokalane. Til slutt vart det Heine Aasgard Tveranger som tok sigeren framfor Ola Bergsagel Hølleland og Kjell Olav T. Bauge. I GP-turneringa vann Benjamin Haldorsen frå Bergen klasse A, beste frå Masfjorden SKU vart Arn-Tore Haugsdal på tredjeplass. Dette er femte gongen klubben arrangerer NM for jenter, men første gongen i kombinasjon med andre turneringar.

Førsteplassane i NM for jenter
Ungdom:
Kimiya Sajjadi, OSS
Kadett:
Ingrid Andrea Greibrokk, Alta
Lilleputt:
Maria Næss, Vålerenga
Miniputt:
Linnea Garberg Tryggestad, Nordstrand
Mikroputt:
Gabriela L. Haugsdal, Masfjorden
AEW-pokal beste lilleputt:
Maria Næss
AEW-gullmedalje beste parti:
Maria Næss / Amalie Merkesvik, 1 – 0
AEW-sølvmedalje:
Sofie Løfaldli / Ingrid Jørdre Kvamme, remis
AEW-bronsemedalje:
Ingrid Skaslien / Thyra Kvendseth, 0 – 1

Artikkeltags