Gå til sidens hovedinnhold

Sjå stor bildeserie: Her blir ungdomsklubben i nye Meieriet opna

07. mars 2020, kl. 05:30

Fredag kveld samla rundt 130 spente ungdommar seg i det nye Meieriet på Frekhaug. Kvelden markerte både opning av det nye kulturhuset, samt var fødeplassen for Frekhaug Ungdomsklubb, som tidlegare heitte Ung Meland. Fritidsklubben er for uorganisert ungdom, og er ein rusfri arena som er trygg for ungdom å samle seg i. Ei overrasking venta ungdommane som var med på opninga; dei fekk eigen disco-kveld!