Gå til sidens hovedinnhold

Sjå program for 17.mai-feiringa her

I denne saka finn du oversikt over kva som skjer rundt om i Nordhordland på 17. mai.

Sjølv om ein heller ikkje dette året kan feire 17. mai heilt som normalt, skjer det framleis noko.

Programma som ligg i denne oversikta er sendt inn til avisa. Dersom du ikkje finn programmet for ditt område, er det fordi det ikkje har blitt sendt inn.

Alver

Alversund

07.00: Salutt

11.15: Kransenedlegging ved Bautaen. Korpset spelar. Dagens taler i Alversund er Nina Bognøy.

Det vert dessverre ikkje tog rundt Tveiten eller leikar ved skulen i år heller, sjølv om gjeldande reglar publisert av regjeringa pr. trykkdato (23.04) tillèt det til dels, men med tal- og avstandsavgrensing. I praksis vert dette vanskeleg å gjennomføra. 17. mai-komiteen oppfordrar difor alle til å lage aktivitetar i mindre grupper rundt om i bygdas mange nabolag. Sekkeløp, sykling, stylter, potetløp, kast-på-boks, fiskedam og meir er alt mogeleg å arrangere i eiga gate. Det skal ikkje så mykje til for å gleda dei små.

Komiteen har sjølv pynta blant anna ved skulen og på brua. Her heng me til dømes opp kvar og ein teikning frå 5.-klassingane. Me oppfordrar samstundes til å dele bilde av dei 17. mai feiring i nabolaget i ulike sosiale media. Spreia gleda!

Hugs og å ta vare på naturen: Til dømes kan ein dugnad i nabolaget med bossplukking før og etter den store dagen, samle små og store til ein hyggeleg prat i gata.

Knarvik

07.00: Salutt og flaggheising

10.00: Bilkortesje frå Knarvik ferjekai

11.45: 17. mai gudsteneste

12.00: Knarvik skulekorps spelar på sjukeheimen

12.00: Alle syng «Ja, vi elskar» heime i eigen hage, eller på terrassen.

12.30: Ordføraren talar.

Bilkortesje v/Veteranbussklubb BNR:

10.00: To av bussane vil køyre i lag med kortesjen frå Fossesjøen til Grasdal skule, om Espetveit og vidare på Holsnøy.

10.00: Tre av bussane køyrer frå Knarvik kai i lag med kortesjen på Knarvik til Isdal og Alversund. Vidare køyrer bussane etter ruteoppsett om Sellevoll og Skaret til Vollog vegkryss, vidare om Seim, Søreidet, Sandvikdalen, Hjelmås, Leknes. Frå Eikanger til Eknes og Ostereidet med to bussar.

Sæbø

08.00: Salutt frå Solheimsåsen

12.00: Velkomen til utandørs gudsteneste. Nedlegging av kransar v/bauta, appell v/Sara Hamre Sekkingstad. Skulemusikken spelar.

Austebygd

08.00: Flaggheising i alle tun

11.00: 17. mai-markering ved Emigrantkykrja

– Bøn for dagen ved sokneprest Kjell Sekkingstad

– Hordabø skulemusikklag spelar

– Tale for dagen ved Oddvar Stang

– Kransenedlegging ved minnebauta

12.00: Heile Norge syng «Ja, vi elskar»

12.30: Alver kommune publiserer 17. mai-talen til ordførar Sara Hamre Sekkingstad

14.30: Bilkortesje køyrer frå fotballbana på Bø til Sletta gjennom Haukåsen, og vidare over Nordanger tilbake til Bø. Pynt gjerne bilen og bli med, eller stå langs vegen og få med deg kortesjen. Det blir trekt premiar blant deltakarane i kortesjen.

Sagstad skulekorps

10.00: Speling på Meland sjukeheim

10.45: Marsjering på Frekhaug Esso – Tjørnavegen – Mjåtveitmarka – Juviknipa – Galtenesveien – Mjåtveitflaten – Frekhaug Vinduet

12.00: «Ja, vi elskar» utanfor Frekhaug Vinduet

13.30: Marsjering på Frekhaug. Mjåtveitvegen – Løypetona – Frekhaugskogen – Grønlandsvegen – Havnevegen – Nordgardshagen – Frekhaug senter

15.00: Marsjar og meir på Frekhaug senter

Hordabøkrins

08.00: Flaggheising

09.00: Kransenedlegging på Kvalheim.

Appell: Sara Sekkingstad

Musikantar frå Manger Old Star og Manger Skulemusikklag spelar

09.30: Ved kyrkja

Tale: Ordførar Sara Sekkingstad

Kransenedlegging ved Urnelunden og Bautasteinen av to konfirmantar

Appell: Kjell Sekkingstad

Hordabø Skulemusikklag spelar

12.00: Alle i landet vårt bli oppfordra til å gå ut og synge med på felles «Ja, vi elskar.»

14.30: Bilkortesje i saman med Austebygdkrins. Startar ved Hordabø Idrettspark. Turen går om Vågenes, vidare til Ishuset, over Haukåsen, Sletta, Nordanger og retur til idrettsbana. Kom med den bil du har, gamal eller ny og pynt gjerne. Familiar langs vegen blir oppmoda til å flagge og rope «hipp hurra» når bil-toget køyrer forbi.

Vikanes/Romarheim

11.15: Oppmøte ved kyrkja i Vikanes.

Vi står ute og syng «Ja, vi elskar» før vi går inn i kyrkja for ei lita gudsteneste. Etter denne står vi ute og syng «Gud signe vårt dyre fedreland». Deretter vert det utdeling av gratis is til alle, og forundringspakkar til alle born frå 0 år og til og med 7. klasse på kaia på Vikanes.

Etter utdeling av is og posar, håpar me at alle vil vera med på bilrebus innan området frå Eikefet til Vetle-Urdal, inspirert av «Alle mot 1.» Det vert sju bemanna postar.

Lindås

07.00: Salutt

08.00: Flaggheising

10.00: Lindås Skulekorps spelar ved Skrenten Omsorgsbustad

10.30: Lindås Skulekorps spelar ved Lindås Bu og Servicesenter

11.30 – 12.00: Oppstilling av veteranbilar, motorsyklar og bilar til bilkortesjen på parkeringsplass ved Lindås senter

12.00: Nasjonal allsong av «Ja, vi elskar» over høgtalarar ved bilkortesjen på Lindås senter og i alle private heimar

12.10: Bilkortesje frå Lindås senter mot Vågseidet og gamlevegen tilbake til Lindås. Brannbil og veteranbilar held fram kortesjen på gamlevegen til Risa. Bilkortesjen køyrer også innom Lindås Bu og Servicesenter etter retur til Lindås, og dessutan ei runde i Kolås. Kjekt dersom de vil stå langs vegen og sjå på. Hugs avstand og å overhalde gjeldande smitteverntiltak.

Husebøkrinsen

08.00: Flagget blir heist ved Nordavinden.

10.00: 17. mai-traktoren køyrer frå Landsvik til Skjelanger og køyrer innom dei kommunale vegane på Landsvik, Kårbø Sætrevik, Husebø og Skjelanger på vegen. Dei høyrer når vi nærmar oss. Der blir korpsmusikk frå høgtalar langs dei kommunale vegane frå Landsvik og ut til Skjelanger. Kom ut og møt oss langs vegen med flagg og hurrarop.

12.00: Alle syng nasjonalsongen. 17. mai-traktoren står ved Sjøslaget og speler «Ja, vi elskar». Syng med heimanfrå eller møt opp i bil ved Sjøslaget og syng med frå bilen. Etter 3. vers tutar alle 3 korte støyt i bilhornet.

12.30: Digital tale for dagen på Alver kommune si Facebook- og nettside. Talar er ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Austrheim

07.00: Salutt

08.00: Flaggheising

10.00: Digitalt innslag frå Austrheimkyrkja

11.00: Kransenedlegging ved minnestøtta Austrheimkyrkja

11.30: Kransenedlegging ved minnestøtta Leirvågen

Mastrevik torg/Rema 1000 Mongstad

12.00-12.30: Oppstilling av bilar på parkeringsplass

12.45: Drive-in tale av varaordførar Inger Lise Brekke og appellar frå russepresident Pernille Langøy og ordførar Per Lerøy

12.50: Austrheim skulekorps/Kaland skulemusikklag spelar

13.00: Ja, vi elskar

13.05: Bilkortesje, møtest på Kilstraumbrua

Mastrevik kai

12.00-12.30: oppstilling av båtar

13.00: Ja, vi elskar

13.05: Båtkortesje mot Kilstraumbrua og vidare ut mot Vardetangen

Du kan høyre talane på FM-radioen i bilen.

Kommentarer til denne saken