Sjå musikkvideoen til gjengen frå Meland

Årets sommarhit?

DEL

Tysdag kunne ein i Avisa Nordhordland lese om dei unge, håpefulle ved Zing Zang musikkskule på Frekhaug. Dei har laga to nye musikkvideoar, med stor suksess.

– Koronaviruset skal ikkje få lov å øydelegge for song og musikk, sa dagleg leiar for skulen, Barbro Wiig Sulebakk.

Eigentleg skulle dei ha vore på turnè i sommar, men sidan det vart vanskeleg grunna korona, bestemte dei seg for å lage musikkvideo i staden for.

I skrivande stund har videoen «Det er sommer» av gruppa GUTTA blitt sett over 3200 gongar på Youtube. I tillegg står musikkskulen for sangen «Sommer i Bergen», som er blitt sett over 6300 gongar.

Les meir om dei her:

Artikkeltags