Amedia, som eig Avisa Nordhordland, har sikra seg rettane til å visa franske Ligue 1 i Noreg. Det betyr kampar med stjernegalleriet Lionel Messi og Kylian Mbappé.

Kampane vert send på Nordhordland.no og Amedia sin sportsportal Direktesport. Allereie sundag kan du sjå storkampen mellom Messi og PSG og Lyon.

Har du eit NH-abonnement kan du sjå kampane med dette, om du ikkje har, kan du skaffa deg eit her.

TV-rettane gjeld til og med sesongen 2023/24, så her kan det verta mange interessante kampar.

Slik får du tilgang til Direktesport

Du kan sjå kampene både i vanleg nettlesar (mobil, nettbrett og desktop) og på TV om du har ein nyare smart-TV eller Apple TV.

1: Skaff deg eit abbonement på Avisa Nordhordland, om du ikkje allereie har.

2: Søk etter «Direktesport» i app-butikken på på telefonen / TVen / PCen eller dekoderen din.

3: Last ned appen og følg instruksjonane på skjermen for å logga inn abonnementet ditt.

Appane fungerer på Apple TVar med tvOS 11.0 eller høgare. Det vil seia modellene Apple TV HD og 4K. For Samsung og LG må du ha ein SmartTV produsert i 2017 eller seinare.