Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bildeserie: Team Rynkeby har lunsj på brannstasjonen

08. juli 2020, kl. 19:45

Onsdag litt etter klokka eleve sykla Team Rynkeby til brannstasjonen på Alverflaten. Kvart år syklar Team Rynkeby Oslo-Paris for å samle inn pengar til Barnekreftforeining. I år blei turen avlyst grunna koronaviruset, men då blei ein tur frå Ålesund til Festplassen i Bergen arrangert. Brannsjef Karl Johannes Romarheim skulle vere med på årets sykkeltur, men datoen for den nye ruta blei endra og han fekk ikkje moglegheit til å dra. I staden inviterte han heile laget til lunsj på brannstasjonen. Tor Øyvind frå Team Rynkeby seier at dette var den beste mottakinga nokon sinne.