Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bildeserie: Lysfest og fyrverkeri skapte stemning i Knarvik

Artikkelen er over 2 år gammel

Tente faklar og flott fyrverkeri lyste opp i nattemørket på lysfesten i Knarvik søndag kveld. Eit par hundre store og små fekk ei fin oppleving i fakkeltoget frå Knarvik senter og rundt Brekkeløypa og tilbake til senteret. Før retur til senteret gjorde det lysande følgjet eit stopp på tribuneanlegget ved Knarvik stadion - med panoramautsikt til fyrverkeriet som vart skote opp på andre sida av fotballbana. Her sytte ei gruppe frå Knarvik skulekorps for julemusikk til glede for dei som var med på turen. Tilbake i senteret kunne alle forsyna seg med gløgg og pepparkjeks. Inntekta frå fakkelsalet på årets lysfest går til Frelsesarmeen si julegryte. Det er Knarvik senter, saman med Avisa Nordhordland, KnarvikMila, Brekkeløypas Venner og Spectra som står bak arrangementet.

Du har nå sett Sjå bildeserie: Lysfest og fyrverkeri skapte stemning i Knarvik